Skilnad mellom versjonar av «Uttala»
| Line 211: | Line 211: | ||
=== Circumfleks === | === Circumfleks === | ||
Er tostavingstonelag på ord med éi staving. Dette gjeld berre fåe ord. Døme: ''fôr'', ''vêr'', ''sâl''. Ikkje alle ord med circumfleks er vanlege å merkja: ''mor'', ''far'', mt. ''glør'' (til ''glod''). | |||
Merk: Circumfleks femner vidare i sume målføre med apokope (m.a. trøndsk), jf. han er ''stor'' mot ''dei er stôr (= store)''. | Merk: Circumfleks femner vidare i sume målføre med apokope (m.a. trøndsk), jf. han er ''stor'' mot ''dei er stôr (= store)''. | ||
Versjonen frå 28. mai 2009 kl. 14:21
Uttala er den munnlege framburden av skriftmålet.
Høgnorsk uttala
Sjølvljod
I norsk hev me desse sjølvljodi: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Desse er klangføre.
| a | [a:] | eng. father |
| e | [e:] | tysk sehen |
| i | [i:] | eng. see, tysk viel |
| o | [o:] | tysk Buch |
| u | [ʉ:] | eng. boot (men lengre fram?) |
| y | [y:] | som ein runda i |
| æ | [æ:] | eng. man |
| ø | [ø:] | tysk Löwe |
| å | [ɔ:] | eng. law |
Open og trong sjølvljod
e, i, o, u og y (og stundom ø) kann lyda på tvo måtar, trongt og ope. I lange stavingar finn me oftast den tronge ljoden, i stutte oftast den opne. Når ljoden er open, nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y til ø. Sumtid merkjer ein desse når ein skal skilja ord som elles er like i skrift: lutande kile ( ́) yver trong, attkeik kile (`) yver open. Døme: blót (offer), blòt (leggja i ~).
Schwa
I utyngd staving vert e uttala schwa [ә], liksom britisk uttala av engelsk father. Døme: hane [ha:nә].
Tviljod
Der er fem tviljodar: au, ei, øy, jo, ju. Desse hev oftast uttala /øu/, /æi/, /øi/, /jo/, /ju/. Døme: lauk, leik, røyk, brjota, ljuga.
Medljod
| Skrivegjerd | Hovudnorm | Onnor normgild uttala frå ymse landslùter |
| b | [b] | |
| c | Berre i lånord | |
| d- framljod | [d] | |
| -d- inn-/utljod |
|
Sunnmøre/Nordfjord: [ð] eller [d] |
| dd | [d] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [dʲ] |
| dj | [ʝ] eller [ɟʝ] | Mange stader: [j] |
| dk | [k] ([kʰ] i utljod) | Sum aust- og nordnorsk: [ɾk] ([ɾkʰ] i utljod) |
| f | [f] | |
| g- framljod |
|
|
| -g- innljod |
|
|
| -g utljod | [g] | Sume stader etter e, i, y, æ, ø og l, r: [ɣ] eller [j] |
| gj | [ʝ] |
|
| -gn inn- og utljod | [ŋn] eller [gn] | |
| h | [h] | |
| hj | [j] | I sume ord mange stader: [ç] (t.d. hjå) |
| j | [j] | |
| k- framljod |
|
Vestnorsk: [cç] fyre ei, i, y, øy |
| -k- innljod |
|
Vestnorsk: [cç] fyre mange endingar på -e-, -i- |
| -k utljod | [kʰ] | |
| kj | [ç] | Vestnorsk: [cç] |
| l | [l] | Austnorsk:
|
| ld | [ld] eller [l] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ] |
| lg | Sjå -g i utljod | |
| lj | [lj] eller [j] | |
| ll | [l] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ] |
| m |
|
|
| mb | [mb] eller [m] | |
| n |
|
|
| nd | [nd]] eller [n] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ] |
| ng | [ŋg] eller [ŋ] | |
| nn | [n] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ] |
| p fram- og utljod | [pʰ] | |
| -p- innljod | [p] | |
| q | Berre i lånord | |
| r | [r] | |
| rd | [r] | Austnorsk: [ɽ] |
| rg | Sjå -g i utljod | |
| rl | [rl]] | Austnorsk: [ɭ] |
| rn | [rn] eller [n] |
|
| rs |
|
|
| rt | [rt]] ([rtʰ] i utljod) | Austnorsk: [ʈ] ([ʈʰ] i utljod) |
| s | [s] | |
| sj | [ʃ] eller [sj] | |
| sk |
|
|
| skj | [ʃ] | |
| sl | [sl] eller [ʃɭ] | Trøndsk og andre stader: [ɬ] |
| stj | [ʃ] | |
| t fram- og utljod | [tʰ] | |
| -t- innljod | [t] | |
| tj | [ç] eller [cç] | |
| tl | [tl] eller [ʃɭ] | Trøndsk og andre stader: [ɬ] |
| tt | [t] ([tʰ] i utljod) | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [tʲ] |
| v | [ʋ] | |
| w, x, z | Berre i lånord | |
Tonelag
Til liks med svensk hev norsk tvo tonelag (skil i tone ved stavingar med hovudtyngd), som skapar minstepar. Døme: liket [¹li:kə], like [²li:kə] (til lo. lik); leiken (no.) [¹læikən], leiken (lo.) [²læikən].
Merk: Grunntonemynsteret for dei tvo tonelagi skil seg frå målføre til målføre.
Circumfleks
Er tostavingstonelag på ord med éi staving. Dette gjeld berre fåe ord. Døme: fôr, vêr, sâl. Ikkje alle ord med circumfleks er vanlege å merkja: mor, far, mt. glør (til glod).
Merk: Circumfleks femner vidare i sume målføre med apokope (m.a. trøndsk), jf. han er stor mot dei er stôr (= store).