Skilnad mellom versjonar av «Nemneform»
Hopp til navigering
Hopp til søk
Inkje endringssamandrag |
(Ingen skilnad)
|
Siste versjonen frå 5. august 2009 kl. 23:13
Nemneform (eller infinitiv) er ei namnordleg form av gjerningsordet. Når ein talar um eit gjerningsord, nemner ein det gjerne i denne formi. Fyre nemneformi set ein ofte nemneformsmerket å (som kjem av styreordet åt).
Nemneformi kann verka som eit namnord i ei setning: Eg likar graut – Eg likar å eta.
Samstundes verkar ho som eit gjerningsord: Eg likar å eta graut.
Nemneformi vert nytta i lag med hjelpesegnord i mange samansette tider og måtar: Han skal koma. Det må ha bore so åt.