Skilnad mellom versjonar av «Høgnorsken og målføri»
Hopp til navigering
Hopp til søk
(ei byrja) |
(Ingen skilnad)
|
Versjonen frå 14. juli 2007 kl. 16:57
Det norske landsmålet Ivar Aasen skriftfeste var tyft på eit nært tilhøve til dei nedervde norske målføri. Med denne segnaden, dei nedervde norske målføri, meiner me målføri som hadde vakse fram i Noreg frå gamalnorsk og millomnorsk utan serleg påverknad frå dansken som vart nytta i landet i millomnorsk og nynorsk tid.
Ivar Aasen tyfte, til skilnad frå mange andre gamle og nyreiste mål, ikkje skriftmålet på eitt målføre, men på dei sams dragi og heilskapen av dei norske målføri. Dette kunde han gjera etter di han granska deim vitskapleg i lang tid. Dette gav rom for at landsmålet og dei ulike målføri kunde verka på einannan på jamnare vilkòr.
- Skrivemåten fylgde typeformer som svara til eit sams upphav åt målføri i eikor millomnorske tidi.