Målreinsking
Målreinsking eller (mål)purisme er ein tanke eller ei rørsla som syter for å reinska ut framandlendske lånord frå målet og einast halda seg til avløysarar på heimleg grunn. Alle avbrigde av norsk hev nokor målreinsking, so langt det er til bate for nyttarane av målet, t.d. med ord som netstad i staden for website. Meir merkande målreinsking hev gjerne å gjera med grunnsetningar og tankar um eit norskrøtt mål, snarare en det som med ein gong er lettast for den ålmenne talaren, men grunngjevingi er same kva at det gjer målet lettare og meir fylgjerett.
Høgnorsk hev ingi målreinskande grunnsetning, men målreinskingi kjem ofte med på lasset av di målet syter for å halda uppe og heimta fram norskt målto slik det i røyndi er nytta. Det norske folkemålet hev i all tid vore større på å nytta eige målto en det målet som høyrer til byane og storfolk, og det er detta som er grunnlaget for den uppattreiste norske målseden med landsmål og høgnorsk.