Underfall

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Underfall (akkusativ) er i målkunna det fallet som direkte objekt stend i. Underfallet fall burt som eige fall alt i millomnorsk tid og er soleis daudt som grammatiskt fall i nynorskt mål. I namnord- og lagordbøygjingi finst det berre restar av underfall i einskilde ordlag eller fròsne ordformer (t.d. langan veg). Nemnefallet vert nøytt i staden, men i austnorsk namnordbøygjing kjem nemnefallsformene i mange høve i røyndi frå dei gamle underfallsformene (t.d. viku, maga). Eit undantak å nemna er varaordi, som enno hev eigne underfallsformer (oftast slegne saman med sidefallsformene i ålment mål). I mange målføre er rett nog òg desse underfallsformene burte eller på veg ut i fleire av varaordi, men i skriven høgnorsk held ein helst på deim.