Diskusjon:Hovudsida

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Eg spør her, av di eg ikkje veit kvar eg burde spyrja. Er det lov å skriva evter?

Er det lov å skriva evter i staden fyr etter? På gamalnorsk vart det skrive eftir(uttalt evtir (trur eg)) og med dei nye målbrigdi etter det hev ofte f-en vore bytt ut med v og i-en med e. Um me fylgjer det mynsteret skulle då eftir vorte evter. Eg lurar au på um ein kan skriva havde. Det liknar meir på gamalnorsk hafði, og hev den same uttala som hadde. Det fylgjer au det mynsteret eg nemnde yver. Mi eigi meining er at hadde ser ut som småbarnemål, og ikkje slik ein skal skriva det. På netstadane dykkar vert etter og hadde nytta, men kann ein skriva evter og havde? Um ikkje, kvifor? Eiliv (talk) 23:43, 5 Juny 2017 (CEST)

Me skriv berre etter i høgnorsk for gamalnorsk eftir ~ eptir, d.e. jamna gn. ft ~ pt > tt. Det finst vel heller ingi døme på ujamna former i målføri. Eg vil tru at f i gamalnorsk eftir vart uttala klanglaust (d.e. er [f]) når t er klanglaus. So evter vilde ha vore ei "umogeleg" form. havde er ikkje uvanleg for hadde i høgnorsk, men ikkje so vanleg som pret. havt [haft]. --SAM (talk) 19:01, 4 July 2017 (CEST)