Skilnad mellom versjonar av «Diskusjon:Boteråder mot mistak i målføringi»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Noverande: new section)
Line 31: Line 31:


Burde «gjeldande» førast upp som eit alternativ til «noverande»? Som i t.d. ''noverande skipnad'' → ''gjeldande skipnad''. [[User:CS|CS]] 11:36, 27 January 2013 (UTC)
Burde «gjeldande» førast upp som eit alternativ til «noverande»? Som i t.d. ''noverande skipnad'' → ''gjeldande skipnad''. [[User:CS|CS]] 11:36, 27 January 2013 (UTC)
== Kan ein bruka genitiv-s i ubundi form hannkyn eintal? ==
Er det lov å bruka genitiv-s i ubundi form hannkyn eintal? t.d. ''Ein manns bil'', ''Noregs mållag'' og ''Olavs hus''
Eg las ein stad at Ivar Aasen meinte det var lov.

Versjonen frå 22. april 2017 kl. 17:12

Ordstelling av eigande varaord

Setningsbygnad som Me hev gode tilbod til våre kundar skriv seg vel frå dansk? I Norsk Grammatik skriv Aasen at utanum når ein ynskjer å leggja vekt på eigetilhøvet1, so skal varaordet standa til sist. I bokmålet vert denne setningsbygnaden nytta sers ofta, og ein sér at han finst mang ein staden i nynorske tekster med.

1Eitt undantak var at ein i visor frå Telemark kunde finna ting som sin foten og sitt gullet. Framleis hev me bundi form av namnordi. CS 19. desember 2010 kl. 21:32 (CET)

Ja. Vanleg målføring er kundane våre. Typen våre kundar er anten tyngd på våre, skaldskap eller faste segnader (som ordtøke). Merk au: «Det er kundane våre eigne» andsynes «Det er våre eigne kundar». TH 20. desember 2010 kl. 01:12 (CET)
Du gjer undantak for skaldskap og ordtøke, men er ein viss på at grammatikken ikkje er lånt frå dansk, her òg? CS 17:19, 19 January 2012 (UTC)
Ålment sér me at mange ordtøke har ein gamalnorsk setningsbygnad som ikkje er ålgjengd i dag, og som ikkje finst i dansk heller. Eg veit kje kor mykje typen «våre kundar» er nytta i ordtøke, so eg kann kje svara grant på dette spursmålet. Det trengst etterrøknad. TH 15:11, 20 January 2012 (UTC)

Bundi form etter peikande varaord

I dansk nyttar ein ikkje ein bundi form av namnord etter peikande varaord (den kvinde), som ein gjer på norsk. Men finst her undantak der ein nyttar detta på [god] norsk òg? Jamfør siste spursmålet yver, ynskjer eg her òg å sila burt danskpåverknad. CS 17:19, 19 January 2012 (UTC)

Fyrr var det mange skrivarar som nytta slike former, jf. «Dei gamle fjell i syningom». Det er ikkje spursmål um det er norskt eller ikkje, men um kva stil det er. Det strider vissa mot den munnlege stilen som råder i vanleg prosa i dag. TH 15:17, 20 January 2012 (UTC)
Kvifor skulde det ikkje hava noko med norsk mot dansk i skriftmålet å gjera? D'er no greidt nog det at ein kann leika seg med målet t.d. når ein skriv dikt og slikt, men det er bisnelegt at ein viss «høgstil» passar beint med dansk formlæra. No er det vel slik at detta draget er av høvesvis nyare alder, og ikkje noko vikingane heldt på med. Då er jo sjølvsagt at det kunne finnast restar att, men når norsk skriftmål hadde lege daudt so lenge, verkar det merkelegt at at ein slik rest skulde snika seg inn i meir gjengs formlæra, utan at det hadde noko med påverknad frå dansk å gjera. CS 15:50, 20 January 2012 (UTC)
Ja, ein kann so segja, men når ein sér på kva for skrivarar som nytta slik stil, var det allvissa ikkje eit medviti val dei gjorde, å fylgja danskt mynster. Dei såg fulla på at dette var ei gamalnorsk gjerd, og at ein fann att slikt i folkevisur o.dl. Dimed er det ikkje sagt at det danske mynstret ikkje låg umedviti attum når dei rådde seg til at dette var eit høvelegt mynster. Men det kann me do ikkje beint slå fast, so det vert rettast å segja at dette er eit serlegt stildrag i norskt. Kann henda danskpåverka, kann henda arkaiserande; i dette tilfellet er det samanfall og uråd å nytta kniven. TH 17:02, 20 January 2012 (UTC)
Finst der døme (svarande til «Dei gamle fjell i syningom») i eintal i folkevisemålet? Me kann ikkje vita um gamle er bundi eller ubundi form. Eg finn elles sume døme på (eldre) faste ordlag som den tid, den stund. Seippel skriv jamvel [...] den sorg som [...]. Ein kann dessutan skriva Gamle fjell dei (som) i syningom (var) utan å brjota ålmenn syntaks. --SAM 09:51, 23 January 2012 (UTC)

Fylgjande

Kva er rettaste måten å ordleggja seg på: Dei fylgjande sidone / Fylgjande sidor / annan måte? CS 08:53, 22 September 2012 (UTC)

Du kann skriva Desse sidone, denne sida (til mitt bruk held som oftast dettte) eller dei næste sidone osb. Eller skriva um, alt etter samanhengen, til Eg emner ... (utan umsyn til sidor). --SAM 17:14, 24 September 2012 (UTC)

Noverande

Burde «gjeldande» førast upp som eit alternativ til «noverande»? Som i t.d. noverande skipnadgjeldande skipnad. CS 11:36, 27 January 2013 (UTC)

Kan ein bruka genitiv-s i ubundi form hannkyn eintal?

Er det lov å bruka genitiv-s i ubundi form hannkyn eintal? t.d. Ein manns bil, Noregs mållag og Olavs hus Eg las ein stad at Ivar Aasen meinte det var lov.