Mål og vanmæle 9 Offentleg mål etter 1959

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

IX Offentleg mål etter 1959

Grunnlaget

Etter 1959 var det venteleg innlysande for dei fleste at Norsk språknemnd antan måtte siga inn i den stille gløymsla i eit maktelaust, men kunstig uppehalde tilvære, eller nemndi måtte leggjast ned. Det målmakeriet som var framdrive sidan trettiåri med det dilettantiske kunstproduktet samnorsk til siktemål, hadde køyrt seg i koll so dundrande at politikarar mykje eller lite medandsvarlege for miséren gjorde som mange politikarar i slike høve gjerne plar gjera: dei tvætta hendene sine.

Jens Haugland, justisminister h.v., skriv i Dagbok frå Løvebakken (Samlaget 1988) frå eit Ap-gruppemøte den 2. mars 1970 at «Guttorm Hansen og Helge Sivertsen går inn for å jatte med alle grupper, og då særleg den pengesterke ekstremistgruppa i Riksmålsforbundet». Dei tvo namngjevne politikarane var nok ikkje åleine um slik jatting no; det skulde verta ålmenn politikk.

Underleg nok tyktest politikaren Jens Haugland tvihalda på samnorskhildringar og samnorskslagord i 1970. Sjølvsagt, skriv han. Nei, det var langt ifrå sjølvsagt i 1970; ein måtte snarare vera sers tilstivna i vanetankar for å hevda noko slikt då. Endå meir utruleg er det at Haugland såg ut til å vera fastgrodd i samnorsktankane i 1988, utgjevingsåret for boki, då samnorskbylgja longo var knust. «Eit land må ha eitt skriftspråk», skreiv Haugland, utan jamvel tilstoli skjegling på at det finst mange land med upptil mange skriftmål.

Me skal vera velviljuge. Kanskje var det eit norskt skriftmål Haugland hadde i tanke. Lat gå. Men både i 1970 og endå meir i 1988 skulde det vera klårt at samnorskpolitikken ikkje førde til eit slikt endemål.

Helge Sivertsen var kyrkje- og skulestatsråd då Vogt-nemndi vart utpeika, i 1964. Namnet hev denne nemndi etter formannen, universitetsrektor Hans Vogt. Nemndi vart til etter upptak av Helge Sivertsen, og ho skulde dryfta «heile språksituasjonen i landet og gjera framlegg om tiltak som komitéen meiner kan tene til og ta vare på vår norske språkarv».

I nemndi var desse med: Målfolk: konsulent Ivar Eskeland, forlagssjef Johs. Aanderaa, stortingsrepresentant Magnhild Hagelia, stortingsrepresentant Einar Hovdhaugen. Bokmålsfolk: universitetsrektor Hans Vogt, rektor Gorgus Govard, professor Aksel Lydersen, stortingsrepresentant Guttorm Hansen, biskop Tord Godal. Samnorskinnslaget var sterkt i nemndi på målsida, men ikkje på bokmålssida.

Tilrådingi frå Vogt-nemndi kom i 1966. Tilrådingi var ikkje samrøystes på reint alle punkt, noko som kann granskast i «Innstilling om språksaken fra Komiteen til å vurdere språksituasjonen m.v. oppnevnt ved kgl. res. 31/1-1964» Oslo 1966. Hovudsummen i tilrådingi var eit ynske um å få ein målkonsulent i statstenesta som skulde syta for at målvedtektene vart etterfylgde; dessutan framlegg um at Norsk språknemnd vart avløyst av eit råd som Vogt-nemndi kalla eit Språkvernråd.

Um det påtenkte Rådet heitte det m.a.:

«Det skal opprettes et råd for språkvern og språkdyrking. Rådet skal

a. Verne om den kulturarv vi har i de norske skriftspråk og i talespråket i by og bygd, fremme tiltak som kan øke kunnspaken om norsk språk, dets historie og egenart, fremme toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle språkgrupper i folket og verne om den enkeltes rettigheter når det gjelder bruken av språket.

b. følge utviklingen av talemålet i bygd og by og skriftspråket i presse og litteratur, og på fritt grunnlag fremme et naturlig samarbeide i dyrkingen og normeringen av våre to skriftspråk».

I tilrådingi finst ei utseng som hev vorte fylgt langt for danskætta mål, men ikkje for det norskætta skriftmålet: Enhver rettskriving vil måtte treffe et valg mellom forskjellige former som ofte hver for seg er meget brukt, men prinsipielt er det uheldig at former som både har tradisjon i skriftspråket og er levende i litteratur og tale, utelukkes fra den offisielle rettskriving.

Vogt-nemndi slær fast at 1938-brigdet var «mer enn en rettskrivingsreform; den var en målreform», noko nynorske målreformistar hev havt vanskar med å skyna til i dag. Inngrepi var sterkast i nynorsk både i 1938 og 1959, båe gonger var det tale um målbrigde, og når våre målreformistar hev havt uvilje mot å sanna dette, kjem det kanskje av di nynorskgreini i nemndene i 1938 og 1959 so tydeleg gjekk utanum mandatet sitt. Dette rimer sers dårleg med den målreformistiske orsakingi for at dei nynorske målvitskapsmennene var «usamde i mandatet», må vita!

Tilrådingi frå Vogt-nemndi førde til at Norsk språkråd avløyste Norsk språkråd 1. februar 1972. Norsk språkråd vart skipa ved serskild lov - Lov om Norsk språkråd 28. mai 1971, vedteki av Odelstinget 9. juni 1971.

Lovi held seg i mangt til tilrådingi frå Vogt-nemndi, men under punkt b hev det kome inn eit brigde som Norsk språkråd einsidugt hev nytta til å halda tradisjonelle norske målformer burte frå skule og styringsverk. Etter punkt b skal Rådet

b. følge utviklingen i norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlag fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer, og støtte opp om naturlige utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen.

Dette punktet, ein leivning frå samrørande velmaktsdagane, hev fleirtalet i språkrådet nærast lyft upp til hovudnorm for det norskrøtte målet, men sett fullkomeleg til sides for det danskrøtte.

Vedtektene for samansetnad, skipnad og verksemd til Norsk språkråd vart fastsette av Kongen 29. oktober 1971, med nokre seinare brigde. Rådet hev alt i samansetnaden målpolitisk slagside, med di Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur hev tvo rådsmenn, medan den tilsvarande nynorske skipnaden, Norsk Måldyrkingslag, berre hev ein. Til jamføring er Norsk Måldyrkingslag den eldste og lengst innarbeidde skipnaden av dei tvo. Dei samskipnadene som lyfter fram Ivar Aasen-målet, Vestlandske Mållag og Ivar Aasen-sambandet, hev ikkje utsendingsrett i det heile. Riksmaktene hev sagt nei til å retta på denne tydelege diskrimineringi.

Rådet vart slik samansett: Norske universiteter og høgskular ved Det norske universitetsråd (Nynorsk 3, Bokmål 3) Grunnskulerådet, Gymnasrådet, Lærarskulerådet (Nynorsk 1, Bokmål 1) Grunnskulen ved sin lærarsamskipnad (Nynorsk 1, Bokmål 1) Den v.g.skulen, folkehøgskulen og lærarhøgskulen med sine lærarsamskipnader (Nynorsk 1, Bokmål 1) Den norske Forfatterforening (Nynorsk 2, Bokmål 2) Den norske Forleggerforening (Nynorsk 1, Bokmål 1) Norsk Presseforbund (Nynorsk 1, Bokmål 1) Norsk Rikskringkasting ved styret (Nynorsk 1, Bokmål 1) Riksmålforbundet (Bokmål 2) Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur (Bokmål 2) Noregs Mållag (Nynorsk 2) Det Norske Samlaget (Nynorsk 1) Norsk Måldyrkingslag (Nynorsk 1) Landslaget for språkleg samling (Nynorsk 1, Bokmål 1) Norsk Skuespillerforbund (Nynorsk 1, Bokmål 1) Stortinget (Nynorsk 4, Bokmål 4)

I 1983 fekk Norsk Faglitterær Forfatterforening uppnemningsrett til tvo rådsmedlemer i staden for det som no vert kalla Grunnskulerådet, Rådet for vidaregåande opplæring og Lærarutdaningsrådet. Ved same tid gav Stortinget avkall på sin uppnemningsrett til Rådet. Då Ivar Aasen-sambandet vinteren 1986 søkte um utsendingsrett til Norsk språkråd, kom det avslag frå Kultur- og vitskapsdepartementet dagsett 2. mai 1986. I svaret frå departementet heiter det at ein ikkje hev planar um å auka talet på radsmedlemer, snarare um det motsette, men dette hindra ikkje at kring eit år etterpå fekk umsetjarane utsendingsrett til Språkrådet med tvo rådsmedlemer, ein for kvart mål.

Målbrigde etter Norsk språkråd kom (1972)

Straks Norsk språkråd kom i verksemd, var rådslemene brennsnare til å opna kanalane attende til det danske upphavet for det offisielle bokmålet. Det dei kalla «dana» talemål vart atter norm.

Det fyrste som kom frå Språkrådet var «liberaliseringsvedtaket for bokmål». Etter dette vedtaket kann det norskdanske bokmålet brukast mykje godt utan a-ending for hok.ord eintal, utan a-ending for inkjek.-ord fleirtal, utan a-bøygning for gjerningsord. Det vil i rønydi segja at dei sernorske bøygningane kann haldast ute. Samstundes vart bruk av tviljodar mykje nedminka. Og ei rad danskrøtte honnør-ord. kom inn att.

I det store og heile fekk den rørsla som til då gjerne var kalla riksmålsstrevet sin vilje fullt ut. At velnøgjet på denne kanten er stort, er ikkje meir enn rimeleg. Berre nokre veike og fåtalde pip av misnøgje kann serhendes høyrast og lesast i lesarinnleg på høgre språklege utfront. Trygve Bratteli sa i 1970 at ingen i vedkomande umråde hadde høyrt um slikt ver som «sne fra syd innover Hardangervidden», og som sume nok hugsar vart det i si tid rettssak mot «den avskyelege snemannen» i NRK. Etter den tid hev «snemennene» dukka upp både her og der, rengjing av stadnamn er ikkje uvanleg, og jamvel noko so framandt og fossilt i norsk som ø-en talar sume um (dei meiner øya eller øyi).

Slik hev Norsk språkråd for bokmål «støtta opp om naturlige utviklingstendenser som på lengre slikt fører målformene nærmere sammen».

For det norske skriftmålet praktiserer Norsk språkråd sine eigne vedtekter stikk motsett. Her vert ingen smålege umsyn tekne for å verna um vår norskrøtte kulturarv; her er ingen blanko-vedtak som «liberaliserer» bruken av våre klassiske norske skriftmålsformer. Nei, i hovudsak stengjer språkrådsforbodi for norsk tilfang, men ikkje for framandt.

Den likvidering av det nynorske skriftmålet som tok til i 1938 og gjorde eit nytt steg i 1959, hev halde fram i Norsk språkråd. Hopetal med ord av framandt upphav, som gjerne bryt med norske målreglar og norsk målsystem, hev kome inn i skulemålet med utestengjing av tilsvarande norskrøtte ord til fylgd. Yversyn yver språkrådsvedtak finn lesarane i årsmeldingane frå Norsk språkråd, i vår samanheng hev årsmeldingane på 1980-talet mest å fortelja. Slusone er opne for an-be-ge-het-ordi som ein tidlegare på ålment grunnlag var sers varsam med å sleppa for sterkt inn i nynorsk skriftmål heilt frå dette skriftmålet såg dagsens ljos. Serleg fordi an-be-ge-het-ordi bryt med målsystemet, avløyser stundom, kvart ord for seg, ei rad norske ord, og stengjer dessutan for måldyrking/ordavleiding/språkleg nyskaping med norsk rotfeste. Truleg med bakgrunn i den medvitslause lina til språkrådsfleirtalet hev endåtil else-ord vorte upptekne i nynorsk skrift, endå desse ordi høyrer til ei ordgruppe som i lange tider hev vore på veg ned og ut i det norskdanske bokmålet. Sume samrøringsfolk vil so gjerne vera moderne og i pakt med tidi, men - ? Rett skal vera rett. Eit lite tal-else-ord vil nok verja sin plass i norsk skriftmål/norsk talemål. Dei vert helst bruka i inkjek., ofte i kvardagstale og helst med ei viss sertyding/ein viss snert - som spøkjelse, hendelse, bakelse, skapelse, og nokre til (med eit skapelse er meint ein komisk eller uvanleg skipnad, eit liknelse). Typisk nok vedtok Språkrådet i 1981 å brigda den offentlege endingi på ordet røykjelse frå -et til -en!

Frå 1984 hev Språkrådet kome med ei årleg lista yver ord som fleirtalet i Rådet vil ha inn i nynorske ordlistor. Desse ordi kjem i tillegg til den rettskrivingi som Språkrådet elles hev putla med, og det gjeld ord som tidlegare hev vore uglesedde i skriftmålet. Alt i alt vilde språkrådsvedtaki fylla mange sidor, og me tek berre med nokre lauslege døme som syner merki etter den offentlege bjøllekui:

I 1982 fører Rådet upp laupedag el. løpedag, fyrste ordet laga kunstig etter siste ordet som er av dansk ætt. Språkrådet kjende visst nok ikkje dei norske ordi som er ventedagar, umrømingsdagar eller dagfrist, til dømes 5-dagsfrist (etter forfallsdagen). Same året, i 1982, tykte Rådet at gebursdag laut sleppa inn i norske ordlistor, eit tysk ord, her noko villskrive, som sant nok vert litt bruka hjå oss, serleg i barnemål, men då oftast med uttale jebursdag. I skuleordlistor er berre med ein heller liten slump av det norske ordtilfanget, ein utvald slump, og då er det lett å skyna at nett dette ordet måtte høva godt i utvalet til språkleg vegvisar for elevane. Fem år seinare, i 1987, auka Norsk språkråd ordlistetilfanget med bursdag, venteleg i den range tru at små born les ordlistor sidan dette er endå meir av eit barneord i norsk talemål. I 1986 godkjende Språkrådet ordet fortred som tyder mein til ordlistebruk; det minner mest um mannen som sa at han var upprådd for eit nynorsk ord for forlegen. Samstundes gav vaktmennene for norsk mål upp ein annan skanse. Dei godtok m.a. feilaktig, fordelaktig og lovmessig og varsla dermed fritt fram i offentleg målbruk både for det tyskaktige og tyskmessige og dei påhengde heit-lekkane. I 1986 stadfeste språkrådsfleirtalet dessutan kor tidsmessige dei er, for dei velsigna sjølvbetjening, eit ord som ein mannsalder tidlegare var svært mykje i vinden og gav grunnlag for tevling um ein høveleg norsk avløysar. Det er uvisst um tevlingi den gongen gav nokon stor vinst for den påtenkte formi for sjølvhjelp. Men i millomtidi hadde livet sjølv avløyst den tungvorne sjølvbetjeningi med snarkjøp, lettkjøp og dilikt, og det var tvilsamt um det i 1986 var stor trong for nokor sjølvbetjening, og slett ikkje var det slik trong i skuleordlistor.

I 1984 kom det inn ein flokk på halvtanna dusin heit-ord saman med slike vegvisande norske ord som antrekk, bevis, erfare, fordøyelse m.m. Ein av dei fyrste heit-ordi i språkrådslista var dumheit, som rimeleg kann vera. I 1985 opna dei for ømheit, og i 1987 tok dei med fruktbarheit, nøyaktigheit, offentlegheit, verdigheit. Ein må vel mest sitja i fagnemndi i Språkrådet for å innbilla seg at heit-ordi er anna enn ein yvergang til het-ord. I mange høve er det ikkje nokon yvergang heller; nynorskskrivande som vil fylgja språkrådsmotar eller hev snaudt med tid brukar straks het-endingane, jamvel i skulen. På hi sida treng ein ikkje vera synsk for å segja at heiti ikkje kjem til å falla vekk for det fyrste, endingi held seg nok levande - i målføreskriving og i lågprosa. Ja, i sume slag poesi med, som i Ivar Aasen sitt dikt Vinskap på sunnmørsmål. Ei onnor synsvilla som heller ikkje andre enn ei fagnemnd i Norsk språkråd kann fabla um, er at nynorskbrukande kjem til å finlesa skuleordlistor og språkrådsmeldingar for å finna ut kva for heit-ord eller het-ord dei av meiningslause grunnar hev plukka ut til det offentlege målet. Eit skriftmål med slike kunstige og slumpesame petimeterreglar er ulærande for dei fleste og ubrukande i dagleglivet, og det er vanskeleg, jamvel med god vilje, å finna yvertydande grunnar for å halda eit slikt skriftmål uppe. Nynorskskrivande kjem sjølvsagt anten til å bruka heit-ordi ålment når det fell seg slik; eller dei vandar heit-ord like ålment. Som tidlegare. Få eller ingen kjem til å pugga heit-grillone frå Språkrådet.

Når ein granskar den nedrivande og avnorskande medferdi nynorsk skriftmål hev fenge med målbrigdi i 1917, 1938, 1959 og no seinare i Norsk språkråd, let det seg på statistisk grunnlag gjera å rekna ut prognosar for kor lenge offisiell nynorsk vil yverleva med rimeleg rett til å kallast eit sjølvstending skriftmål. Fyresett at riksmaktene, i dag ved nynorskgreini i Norsk språkråd, held fram på same vegen som hittil. Det kann endåtil setjast upp tryggare prognosar enn politikarar, økonomar og samfunnsvitarar til vanleg set upp på andre felt. Sanningi er at det offisielle skriftmålet nærmar seg grensa for sin eigen undergang. Ein kann rista på hovudet av skuleelevar som vil ha skriftleg sidemål (nynorsk) ut or skulen. Men skal same målpolitikk fylgjast som hev vore fylgd i tvo-tri ættleder, er det berre spursmål um tid til det rådande politiske fleirtalet ser meiningsløysa i å halda ved lag offentleg skuleupplæring i tvo offentlege skriftmål som båe er programfesta norskdanske blandingsmål.

Framanfor er det bruka ymse sterke ord um offisielle brigde som fleirtalet av målfolk i Språkrådet hev sett i verk, serleg i 1980-åri fram til 1987. Brigdi hev kome etter upptak frå fleirtalet i Fagnemndi i Språkrådet, der det sit fire medlemer for kvart skriftmål, åtte medlemer i alt.

Nokre få uppmykjingar i nedervd norsk leid hev Språkrådet trass i alt vore meister for. I 1983 vart ordet me atter jamstelt med vi etter snart eit halvsekels bannlysing. Ordet hev vunne godt fram att, som rimeleg kann vera. Same året vart a-ending i linne ub.hok.ord eintal tillati (ei kvinna, ei veka, ei gata). Men sidan formi ikkje er tillati i lærebøker, er utslagi knapt store. I 1987 fekk gjerningsord av døma-klassa valfritt -de eller -te i fortid i ord med stomn på -r. -flirde eller flirte; førde eller førte; lærde eller lærte. Frå 1959 til 1987, i snart tjuge år, hadde slike ord berre -te. Same valfrie fortidsbøygning fekk gjerningsordet tola - tolde eller - tolte - frå same klassa, men med stomnutgang på -l. Ein saknar her i minsto de-bøygning for l-gjerningsordet kvila, som gjerne fylgjest åt med tola. Men so vaklande og skiftane millom -te og -de som fortidsbøygningi av l-ordi er kring um i landet, hadde det truleg vore best med ein ålmenn regel slik det er for andre ordgruppor i same klassa. Millom anna av di det er lett for folk å blanda l-gruppa saman med telja-klassa, som med all rimeleg rett hev fortids-de til hovudform.

Det som no er sagt um uppnorskande vedtak i Språkrådet er ikkje heilt fulldekkjande. Men um eit og anna einstaka servedtak um eit og anna slumpesamt einskildord skulde vera til norskspråkleg gagn - som at gjerningsordet fløyta vart godkjent til a-verb i 1983 og at skirtorsdag atter vart tillati form i 1984 - so er slikt berre små og fåtalde flekkar i eit stort hav av språkrådsavnorksing.