Norsk Årbok

Frå Mållekken
Versjonen frå 13. juli 2007 kl. 19:50 av TH (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk årbok er eit skrift til fremjing av høgnorskt mål. Utgjevar sidan 2005 er Høgnorskringen.

Dette framkastet til fyreloga for årboki stod i Høgnorsknytt 1/2007:

«Norsk Årbok skal vera eit vegamot for folk som vil skrive på sjølvlitande norsk, og dei som vil lesa det. Boki skal taka upp ålment forvitnelege emne frå kultur, vitskap og samfund, og tene til uppkoma og utveksling av norske nemningar frå ulike umkverve, og til odling av norsk skrivekunneste og skriftkultur i det heile.»

Soga

Norsk Aarbok kom ut fyrste gongen i åri 1920–39 etter upptak frå Torleiv Hannaas, som styrde årboki fram til han dó i 1929. Etter han fall burt, styrde Gustav Indrebø og Lars Eskeland i lag 1930-årgangen; sidan stelte Indrebø åleine med årboki. Norsk Aarbok kom med i alt 19 årgangar (ikkje 1937), til og med 1939. Årboki stogga med ufred og hersetjing.

Boki var eit viktugt skrift i målrørsla, og eit samlingsmerke for målfolk som heldt på den klassiske nynorsken, høgnorsken.

I 2005 kom fyrste årgangen av årboki i ei ny rekkja, no Norsk Årbok. Upptaket til denne andre rekkja kom frå Håvard Tangen.

På netet

  • Bokheimsida for Norsk Årbok på netsidone åt Høgnorskringen.