Høgnorsk

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Høgnorsk, klassisk nynorsk, landsmål, norsk – kjært mål hev mange namn.

Etter umgripsfestingi i uppslagsverket Norsk Allkunnebok (1948) er høgnorsk ei nemning for «mynstergildt nynorsk skriftmål på Ivar Aasens grunnlag» (Per Thorson), ei tyding som vart bruka alt tidleg på 1900-talet.

Høgnorsken som skrivegjerd kom til med verket åt Ivar Aasen, og er ikkje anna en det norske skriftmålet bygt på dei nedervde norske målføri, til skilnad frå det danske målet i Noreg. Denne skriftlege praksisen voks fram i tidi fyre målbrigdet i 1938, knytt til kjende namn som brørne Gustav Indrebø (Norsk Aarbok) og Ragnvald Indrebø (bibelumsetjingi 1938), Leiv Heggstad (Norsk grammatikk 1930), og diktarar som Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg, Elias Blix, Olav Aukrust, Olav H. Hauge og mange fleire.

Skilmerki på høgnorsk er:

  • systematiske skrivemåtar etter Aasens typeformer
  • bruk av norskt ordtilfang, få lånord frå norskdansk skrifttradisjon
  • norsk segjemåte
  • open for nyord av norskt målto

Stykke um høgnorskumgripet