Hjelp:Innehald

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Mållekken verkar som ein wiki, d.e. at alle kann vera med og laga og bøta på teigane – og lesa deim, ikkje minst. Mållekken vert skriven på høgnorsk; veit du ikkje kva høgnorsk er, er det best du les um det fyrst. Veit du kva høgnorsk er og vil skriva det, men veit ikkje heilt um du fær det til, skal du kje vera rædd å freista – dette er ein wiki, so målveilor og andre lyte vert snøgt retta upp i, er von.

Finna teigar

Lettaste måten å finna ein teig som dreg seg um det du vil lesa um, er å nytta søkjegluggen øvst til høgre på sida. Når du skriv kjem det upp ei lista med teignamn som likjest det du hev skrive inn. Med «Som inneheld .. <søkjerord>» nedst på lista fær du upp alle teigane som hev ordi du søkte etter, jamvel um søket alt er namnet på ein teig. Um du trykkjer Enter fær du upp teigen med namnet du skreiv inn. Um det ikkje finst ein teig med namnet du skreiv inn fær du ei lista med teigar som likjest.

Skriva teigar

Fyrst lyt du skriva deg inn på Mållekken – sjå øvst til høgre på sida her.

Brigda teigar

Vil du vera med og skriva på ein teig, kann du trykkja på flìpen «brigd» ovan yverskrifti på teigen. Då kjem det upp ein glugg med teksti i kjeldereidnad.

Skriva nye teigar

Finst det ingen teig med det du vil skriva um, kann du laga ein ny teig. Då kann du t.d. skriva inn det teignamnet du emnar på i søkjegluggen. Tok du i miss, so teigen finst alt, kjem han upp no. Men det kann au henda det finst ein teig med eit anna namn som dreg seg um det same du vil skriva um. Dette bør du røkja etter fyrst, elles vert det vonom snøgt uppgreidt når du fyrst hev skrive teigen din.

Fanst det ingi sida med namnet du emna på, fær du no melding um dette, og høve til å «laga hana no» ved å fylgja lenken som heiter so.

Skantar

Sjå Hjelp:Skantar