Skilnad mellom versjonar av «Diskusjon:Framlegg til høgnorsk stavnad (ortografi)»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
(Oppretta sida med «Eg likar godt at det kjem eit framlegg. Her er «høyringssvaret» mitt: # ''Mrk.: onnor, eikor, nokor, ingi jamvel i a-mål-.'' Eg skynar ''onnor'', ''eikor'' og ''nokor'',…»)
 
 
(8 mellomliggjande versjonar av 3 brukarar er ikkje viste)
Line 4: Line 4:
# ''Sg. barn : pl. born er eit sertilfelle (u-ljodbrigde i fleirtal). Sg. land : pl. lond, sg. vatn : pl. votn osb. er ikkje brukande.'' Her tykkjer eg det lyt vera rom for formene med ljodbrigde – dei lìver enno i målføri. Det gjeld sjølvsagt berre ord som ''votn'' og ''lomb'', ikkje *''oltor'' til ''altar'', *''herod'' til ''herad'' eller *''kort'' til ''kart''.
# ''Sg. barn : pl. born er eit sertilfelle (u-ljodbrigde i fleirtal). Sg. land : pl. lond, sg. vatn : pl. votn osb. er ikkje brukande.'' Her tykkjer eg det lyt vera rom for formene med ljodbrigde – dei lìver enno i målføri. Det gjeld sjølvsagt berre ord som ''votn'' og ''lomb'', ikkje *''oltor'' til ''altar'', *''herod'' til ''herad'' eller *''kort'' til ''kart''.
# Etter (norsk-)danskt mynster(?) finst medljodsambandet ''llt'' berre i undantaksord i statsnynorsken, t.d. ''fullt'' av ''full'', medan det heiter ''fylte'' av ''fylla''. GM hev ''fyllte'' og dessutan ''spillt(e)'' til ''spilla'' og ''stillt(e)'' til ''stilla'', men ''stelt(e)'' til ''stella'' og ''alt'' til ''all'' (trass den nordlege uttala). Eg ynskjer meg fylgjerett stavnad her.
# Etter (norsk-)danskt mynster(?) finst medljodsambandet ''llt'' berre i undantaksord i statsnynorsken, t.d. ''fullt'' av ''full'', medan det heiter ''fylte'' av ''fylla''. GM hev ''fyllte'' og dessutan ''spillt(e)'' til ''spilla'' og ''stillt(e)'' til ''stilla'', men ''stelt(e)'' til ''stella'' og ''alt'' til ''all'' (trass den nordlege uttala). Eg ynskjer meg fylgjerett stavnad her.
# ''c. ei avis : den avisa (pl. avisor)'' Denne bøygjingi likar eg ikkje heilt. Ho stikk hòl på eit av hovudargumenti for klovi hokynsbøygjing – d.e. at linne fær -a i eintal og -or i mangtal, medan sterke fær ingi ending i eintal og -er (midlandsmål -ir) i mangtal. Eg tykkjer det er betre å hava tvo bøygjingsmynster her, slik GM hev: anten ei avis – avisi – aviser eller ei avisa – avisa – avisor. Soleis òg anten ei morell – morelli – moreller eller ei morella – morella – morellor. Både desse ordi kjem vel frå italienske ord på -o som eikorleis er vortne hokyn i norsk, so det er vel òg råd å sjå deim som ord på -us og -um, d.e. undantaksord med bøygjing lånt inn saman med ordet.
# <s>''c. ei avis : den avisa (pl. avisor)'' Denne bøygjingi likar eg ikkje heilt. Ho stikk hòl på eit av hovudargumenti for klovi hokynsbøygjing – d.e. at linne fær -a i eintal og -or i mangtal, medan sterke fær ingi ending i eintal og -er (midlandsmål -ir) i mangtal. Eg tykkjer det er betre å hava tvo bøygjingsmynster her, slik GM hev: anten ei avis – avisi – aviser eller ei avisa – avisa – avisor. Soleis òg anten ei morell – morelli – moreller eller ei morella – morella – morellor. Både desse ordi kjem vel frå italienske ord på -o som eikorleis er vortne hokyn i norsk, so det er vel òg råd å sjå deim som ord på -us og -um, d.e. undantaksord med bøygjing lånt inn saman med ordet.</s>
# ''Gjerningsord'' og ''segnord'' er liketydingar, men eg held ein knapp på ''segnord'' sidan det er stuttare (''gjerningsord'' er tri gonger lengre en ''verb''). Skal avløysarord kunna tevla med lånord, lyt dei vera stutte nog til å vinna fram. Det er difor ''tryggleikskopi'' ikkje greider å slå ut ''backup'' – det er ovtungt. Elles likar eg òg ''lagord'' betre en ''tilleggsord'' og ''eigenskapsord''.
# ''Gjerningsord'' og ''segnord'' er liketydingar, men eg held ein knapp på ''segnord'' sidan det er stuttare (''gjerningsord'' er tri gonger lengre en ''verb''). Skal avløysarord kunna tevla med lånord, lyt dei vera stutte nog til å vinna fram. Det er difor ''tryggleikskopi'' ikkje greider å slå ut ''backup'' – det er ovtungt. Elles likar eg òg ''lagord'' betre en ''tilleggsord'' og ''eigenskapsord''.
# Ordi ''helder'' og ''eller'' er båe skrivne med både ''ld'' og ''ll''. Sogelegt rettast tykkjer eg ''helder'' (< heldr) og ''eller'' (< elligar) er.
# Ordi ''helder'' og ''eller'' er båe skrivne med både ''ld'' og ''ll''. Sogelegt rettast tykkjer eg ''helder'' (< heldr) og ''eller'' (< elligar) er.
# -era-segnordi: eg likar ingileis at Språkrådet hev opna for sokalla blanda bøygjing (brukar – brukte), men med denne klassa er eg sers uviss. Aasen nemnde studerarar – studerte, men meinte at det rettaste for det nog var studerar – studerade. Eg er samd med honom i det, men utan -(t)e er eg ikkje heilt viss. Kann henda er det ei vanesak, men eg tykkjer det er noko sèrt med ''det hender garantera ikkje'' osb. Eg styd difor at framlegget fylgjer merknaden til Aasen i staden for 1901-/1910-landsmålet. Eg merkte meg do at ein annan stad i framlegget stend «apokopera», so um tanken er at det skal vera valfridom millom ''studerar'' – ''studerte'' (''studerde''?) og logbunde ''studerar'' – ''studera'', so er eg med på det au.
# -era-segnordi: eg likar ingileis at Språkrådet hev opna for sokalla blanda bøygjing (brukar – brukte), men med denne klassa er eg sers uviss. Aasen nemnde studerarar – studerte, men meinte at det rettaste for det nog var studerar – studerade. Eg er samd med honom i det, men utan -(t)e er eg ikkje heilt viss. Kann henda er det ei vanesak, men eg tykkjer det er noko sert med ''det hender garantera ikkje'' osb. Eg styd difor at framlegget fylgjer merknaden til Aasen i staden for 1901-/1910-landsmålet. Eg merkte meg do at ein annan stad i framlegget stend «apokopera», so um tanken er at det skal vera valfridom millom ''studerar'' – ''studerte'' (''studerde''?) og logbunde ''studerar'' – ''studera'', so er eg med på det au.
# ''forklara : forklarer : forklarde : (hev) forklart'': tyder dette at formi med -a- skal godtakast i høgnorsken jamsides ''forklåra'' eller skulde det ha stadi ''forklåra'' her?
# ''forklara : forklarer : forklarde : (hev) forklart'': tyder dette at formi med -a- skal godtakast i høgnorsken jamsides ''forklåra'' eller skulde det ha stadi ''forklåra'' her?
# ''hava : hev : havde : havt'' Aasen skriv at ''havde høres ikke'' og fører soleis upp hev – hadde – havt (GM hev det same). Eg er samd i at ''havde'' er ei meir logisk form, men uviss på um ho lyt vera hovudform sidan ''hadde'' stend so sterkt. På hi sida hev rettskrivingsbrigdi ført med seg nye og til dess ukjende former, so det er kann henda råd å taka ut ''hadde'' for det.
# ''hava : hev : havde : havt'' Aasen skriv at ''havde høres ikke'' og fører soleis upp hev – hadde – havt (GM hev det same). Eg er samd i at ''havde'' er ei meir logisk form, men uviss på um ho lyt vera hovudform sidan ''hadde'' stend so sterkt. På hi sida hev rettskrivingsbrigdi ført med seg nye og til dess ukjende former, so det er kann henda råd å taka ut ''hadde'' for det.
Line 19: Line 19:
# ''vegg(jer)'' osb.: GM hev -er (ikkje -jer) – legg framlegget seg her på Aasen-lina i staden? J-laus uttala finst i m.a. Trøndelag, veit eg, so eg ottast at -j- vert framandt, men hev elles ikkje sjølv noko imot å hava -j- etter -g- og -k-. Eg ynskjer meg dessutan at ordet ''veg'' òg vert ført upp her (GM: vegar el. veger).
# ''vegg(jer)'' osb.: GM hev -er (ikkje -jer) – legg framlegget seg her på Aasen-lina i staden? J-laus uttala finst i m.a. Trøndelag, veit eg, so eg ottast at -j- vert framandt, men hev elles ikkje sjølv noko imot å hava -j- etter -g- og -k-. Eg ynskjer meg dessutan at ordet ''veg'' òg vert ført upp her (GM: vegar el. veger).
# ''Mrk. 2: Valfridom for hyl (pl. hyler ~ hyljar), eller berre -er?'' Ser ikkje kva for skade det skulde føra med seg.
# ''Mrk. 2: Valfridom for hyl (pl. hyler ~ hyljar), eller berre -er?'' Ser ikkje kva for skade det skulde føra med seg.
# ''Nemneformer skal ha jo og ju og ikkje y, d.e. skjota, bjoda, fljuga osb.'' Sers samd. Eg tykkjer òg ''ljona'', som fekk sideform ''lyna'' i 1910, skal få vera eineform.
# ''Nemneformer skal ha jo og ju og ikkje y, d.e. skjota, bjoda, fljuga osb.'' Sers samd. <s>Eg tykkjer òg ''ljona'', som fekk sideform ''lyna'' i 1910, skal få vera eineform.</s>
# ''Nemneform hev jamt langformer (taka, beda osb.)'': samd, men eg meiner det skal vera lov å nytta stuttformer i munnlegt mål (jf. dansk ''gi’'' til ''give''). Av ''fljuga'' er ikkje ''flju'' nøytande, so ho fær vel vera ''fly''. Døme: ''«eg ska kje fly – det tòrer eg ikkje!», skreik ho og sprang til skogs''.
# ''Nemneform hev jamt langformer (taka, beda osb.)'': samd, men eg meiner det skal vera lov å nytta stuttformer i munnlegt mål (jf. dansk ''gi’'' til ''give''). Av ''fljuga'' er ikkje ''flju'' nøytande, so ho fær vel vera ''fly''. Døme: ''«eg ska kje fly – det tòrer eg ikkje!», skreik ho og sprang til skogs''.
[[Brukar:Motsegn|Motsegn]] ([[Brukardiskusjon:Motsegn|diskusjon]]) 10. september 2019 kl. 03:11 (UTC)
[[Brukar:Motsegn|Motsegn]] ([[Brukardiskusjon:Motsegn|diskusjon]]) 10. september 2019 kl. 03:11 (UTC)
::1. Det er logisk å bruka <i>inga</i> jamsides <i>ingi</i> dersom ein opnar for <i>lita, koma</i> osb. Merk at det kann heita <i>saka er komi</i>. Spursmålet er um ein skal fastsetja bøygjingi av lagord på ''-en'' soleis: ''-en -i -e -ne'' (men evt. opna for supinum ''-e ~ -i'', jf. svensk).
::2. Formene <i>sét, sédd</i> er mykje bruka. Det kann godt henda at <i>sett</i> vik for desse.
::4. Det beste hadde vore å fylgja svensk her, men so var det vanen. Tanken bakum dømi du nemner, er at ein ikkje skal skapa homonym i stavnaden der uttala er ulik. Skal me hava fylgjerett stavnad her, må me gjera det same for lagordi (-t n. t.d. <i>tjukkt</i>, -ne pl. t.d. <i>sprokkne</i>).
::7. Indrebø hev <i>eller</i> og <i>heller</i>.
::8. Pret. og sup. <i>-era</i> er sers lite bruka i målføri. Mest sannsynleg endar eg på pres. <i>-erar</i>, men pret. <i>-erte</i> (Indrebø hev pret. <i>era</i>).
::11. Ja, <i>soleides</i>
::15. Former som pres. <i>teker</i> plar ein ikkje føra upp i sjølve ordlista, men heller nemna dei i grammatikkdelen. Endingi er og hev vore sers lite bruka.
::16. Me plar skriva <i>i fjord</i>.
::17. Millom imp. <i>haldt</i> og <i>halt</i> hev det vore vakling. Det gjev ikkje heilt meining å skriva <i>halt</i> når ein fyrst skriv pret. <i>galdt</i>, nei. Truleg hev ein tenkt på formene <i>gakk</i> og ''statt'', men dei er ikkje heilt parallelle.
::18. Dette er Aasen-lina (eg er uviss kvar Indrebø stend). <i>J</i>-innskotet merkjer <i>obligatorisk</i> palatal uttala. I målføri skipar dette mynsteret seg soleis: 1. saker : bekker, 2. sakjer : bekkjer eller '''3. saker : bekkjer.''' Pl. <i>-er</i> til <i>veg</i> er ei nylaging (rett nog gamal). Same gjeld <i>dal</i>.
::20. <i>ljona</i> er berre ei ny a-verb-utviding til <i>ljon</i> n. Frå gamalt gjeng verbet etter døma-klassa, soleis: <i>lyna : lyner : lynte : lynt</i>, jf. <i>drjug</i> adj., men </i>drygja</i> v.
::21. I dømet tyder vel <i>fly</i> 'røma' og ikkje 'letta frå bakken'. Bøygjingi er då ''fly : flyr : flydde : flytt''.--[[Brukar:SAM|SAM]] ([[Brukardiskusjon:SAM|diskusjon]]) 10. september 2019 kl. 08:27 (UTC)
:: Til punkt 5 ovan hev eg skift syn etter di fleire ord er komne til. Attåt dei no fem ordi kann det vera at òg ''planet'' kann hava slik bøygjing (langt ifrå alle desse ordi er lån frå italienske ord på -o, so det eg skreiv um det kann ein sjå burt ifrå). I gamle bøker finst formene ''planetor'' og ''planetorna'', men ikkje saman med ''planet'' etter det eg ser (i staden: ''ei planeta''). Kor som er er talet vorte fem eller seks, som vel er mange nog. Ser fyre meg noko slikt:
:: '''avisa''' (-a, -or) el. '''avis''' (-a, -or el. -i, -er ?)
:: der analysen er at ''avisa'' (med linn bøygjing) er eit regelbunde hokynsord med ei stuttform ''avis'', som anten fylgjer den gamle bøygjingi eller ei nylaga, regelbundi bøygjing. Etter gamle reglar i statsnormi hadde -heit-ord jamt -a (ikkje -i), men det hev ikkje studnad i målføri. Slike lyt i staden få vanleg sterk bøygjing (-heiti, -heiter) um ein no fyrst absolutt skal nytta deim (GM hev i røyndi eitt: ''øverheit'').
:: Punkt 10: det er vel greidt med både ''hadde'' og ''havde''. Detta ordet er no so uregelbunde frå fyrr at det ikkje er til skade å føra upp båe tvo.
:: Punkt 20: det eg skreiv um ''ljona'' var eit aldri so lite bomskot. Sjølvsagt er det ljos – lysa, ljon – lyna. Tanken var nog å ikkje opna for unaudsynte -y-former og so gjekk det heilt gale med tankerekkja.
:: Punkt 21: dømet fann eg på sjølv og ''fly'' skulde tyda «letta». Eg hev sidan tenkt litt meir på saki og kom til sist fram til at ein vel helst skal nytta langformene (fljuga, gjeva, taka), men at det kann opnast for stuttform i infinitiv (og berre infinitiv) i serskilde (uformelle) høve. Eg tenkjer fyrst og fremst på munnlegt mål i forteljingar osb. (''«du fær kje ta’ alle sjølv, då!», ropa ho etter honom'') og elles i snøggskrive mål (SMS, Skype/Discord).
:: Dessutan nokre fåe nye saker:
::* ''justitiarius'', ''radius'', ''auksjonarius'', ''genius'' og ''nuntius'' (og andre?) misser vel -us i bøygde former (radien, radiar), jf. eigi bøygjing til inkjekynsordi på -us? Det galdt i minsto i statsnormi fram til 2012-brigdet.
::* Stundom hev eg sét ''græsk'' og ''(indo)europæisk'' med ''æ'' skrive i høgnorsk tekst. Skal desse helst vera skrivne med ''e'' dei au, jf. siste bolken um framandord?
::* Berre for å vera fylgjerett: †''spỳr'' attåt ''spør'', †''bỳr'' attåt ''bør'' (jf. smyrja – smỳr osb., GM).
::* «''Gå'' og ''stå'' hev eigne uppføringar attåt ''ganga'' og ''standa''». Slik skulde òg statsnormi ha havt det, men kva bøygjing skal dei hava? GM skil ''ganga – gjeng – gjenge'' frå ''gå – går – gått'', men gjev ''stå'' både ''stend'' og ''står'' i notid (og både ''stade'' og ''stått''). Sjølv trur eg det er best um òg ''standa – stend – stade'' er heilt skilt frå ''stå – står – stått'' i ordlista, men at ein ser litt stort på det um nokon blandar.
::* «Undantak for lånord (frå tysk). T.d. Han tala gebrokke'''nt'''.» Heilt samd, -en i ''gebrokken'' og ''open'' er ulike ovringar.
:: [[Brukar:Motsegn|Motsegn]] ([[Brukardiskusjon:Motsegn|diskusjon]]) 2. mai 2020 kl. 03:03 (UTC)
== J etter K og G i a-mål? ==
Korleis vert sambandi ''-ki'' og ''-gi'' (som i ''boki'' og ''helgi'') med a-mål? No er det vel ikkje a-mål detta framlegget mìdar på, men um ein skulde velja å nytta det, lyt det vera ''boka'' eller ''bokja''? Sjølv tykkjer eg ''bokja'' gjev mest meining, serlegt i høve med andre ka-samband (t.d. ''kaka'' og ''bakkar'') som ikkje fær linn k. --[[Brukar:Eiliv|Eiliv]] ([[Brukardiskusjon:Eiliv|diskusjon]]) 13. november 2020 kl. 14:52 (UTC)
: For seg gjev det mest meining, jf. uttala av''bekk(j)e-'' og ''drake-'' (< ''bekkja'' og ''draka-'') i sms. Ikkje alle uttalar ''-ki'' palatalt i den stoda (etter gamalt). Sjølv meiner eg at palatal uttala lyt vera valfritt. Skriv ein ''-kja'' for ''-ka'', vert palatal uttalta påbodi. --[[Brukar:SAM|SAM]] ([[Brukardiskusjon:SAM|diskusjon]]) 13. november 2020 kl. 19:47 (UTC)

Siste versjonen frå 13. november 2020 kl. 19:47

Eg likar godt at det kjem eit framlegg. Her er «høyringssvaret» mitt:

  1. Mrk.: onnor, eikor, nokor, ingi jamvel i a-mål-. Eg skynar onnor, eikor og nokor, men er det ikkje berre logiskt at ingi vert inga i a-mål (jamvel i mangtal, jf. t.d. gamalt oslomål)? Det same gjeld vel hokken – hokyn hokki med i-mål og hokka med a-mål, soleis òg koma jamte komi.
  2. sjå : sér : såg : (hev) sett Grunnmanuskriptet hev sét og det hev òg teigen Sterke gjerningsord. Um sett skal inn i staden, vert lagformi framleis sédd?
  3. Sg. barn : pl. born er eit sertilfelle (u-ljodbrigde i fleirtal). Sg. land : pl. lond, sg. vatn : pl. votn osb. er ikkje brukande. Her tykkjer eg det lyt vera rom for formene med ljodbrigde – dei lìver enno i målføri. Det gjeld sjølvsagt berre ord som votn og lomb, ikkje *oltor til altar, *herod til herad eller *kort til kart.
  4. Etter (norsk-)danskt mynster(?) finst medljodsambandet llt berre i undantaksord i statsnynorsken, t.d. fullt av full, medan det heiter fylte av fylla. GM hev fyllte og dessutan spillt(e) til spilla og stillt(e) til stilla, men stelt(e) til stella og alt til all (trass den nordlege uttala). Eg ynskjer meg fylgjerett stavnad her.
  5. c. ei avis : den avisa (pl. avisor) Denne bøygjingi likar eg ikkje heilt. Ho stikk hòl på eit av hovudargumenti for klovi hokynsbøygjing – d.e. at linne fær -a i eintal og -or i mangtal, medan sterke fær ingi ending i eintal og -er (midlandsmål -ir) i mangtal. Eg tykkjer det er betre å hava tvo bøygjingsmynster her, slik GM hev: anten ei avis – avisi – aviser eller ei avisa – avisa – avisor. Soleis òg anten ei morell – morelli – moreller eller ei morella – morella – morellor. Både desse ordi kjem vel frå italienske ord på -o som eikorleis er vortne hokyn i norsk, so det er vel òg råd å sjå deim som ord på -us og -um, d.e. undantaksord med bøygjing lånt inn saman med ordet.
  6. Gjerningsord og segnord er liketydingar, men eg held ein knapp på segnord sidan det er stuttare (gjerningsord er tri gonger lengre en verb). Skal avløysarord kunna tevla med lånord, lyt dei vera stutte nog til å vinna fram. Det er difor tryggleikskopi ikkje greider å slå ut backup – det er ovtungt. Elles likar eg òg lagord betre en tilleggsord og eigenskapsord.
  7. Ordi helder og eller er båe skrivne med både ld og ll. Sogelegt rettast tykkjer eg helder (< heldr) og eller (< elligar) er.
  8. -era-segnordi: eg likar ingileis at Språkrådet hev opna for sokalla blanda bøygjing (brukar – brukte), men med denne klassa er eg sers uviss. Aasen nemnde studerarar – studerte, men meinte at det rettaste for det nog var studerar – studerade. Eg er samd med honom i det, men utan -(t)e er eg ikkje heilt viss. Kann henda er det ei vanesak, men eg tykkjer det er noko sert med det hender garantera ikkje osb. Eg styd difor at framlegget fylgjer merknaden til Aasen i staden for 1901-/1910-landsmålet. Eg merkte meg do at ein annan stad i framlegget stend «apokopera», so um tanken er at det skal vera valfridom millom studerarstuderte (studerde?) og logbunde studerarstudera, so er eg med på det au.
  9. forklara : forklarer : forklarde : (hev) forklart: tyder dette at formi med -a- skal godtakast i høgnorsken jamsides forklåra eller skulde det ha stadi forklåra her?
  10. hava : hev : havde : havt Aasen skriv at havde høres ikke og fører soleis upp hev – hadde – havt (GM hev det same). Eg er samd i at havde er ei meir logisk form, men uviss på um ho lyt vera hovudform sidan hadde stend so sterkt. På hi sida hev rettskrivingsbrigdi ført med seg nye og til dess ukjende former, so det er kann henda råd å taka ut hadde for det.
  11. †soleies sjå soleis skal det standa soleides her?
  12. Skal det opnast for hokyn opa? Her meiner eg ikkje noko sterkt eine eller andre vegen, men eg tykkjer at open og galen (og dessutan eigen og lagformer av sterke segnord) lyt fylgja same mynster som liten. Skal lita vera lov, lyt òg opa vera det, meiner eg. Ho er kann henda meir sjeldsynt, men det er ikkje verre en at rettskrivingsnemndi både i 2000 og 2011 nemnde henne.

    Nærskylt spursmål: Statsnynorsken hadde opi til sideform i inkjekyn frå midlandsnormalen, men berre eige. Um denne formi skal vera med, lyt òg eit eigi og eit liti vera lov.
  13. Ub. sg. endar på -a (ei vika t.d.). Valfridom millom -e og -a? Ja, -e kom inn alt i 1910, fyre samnorsktanken vart til. Det er greidt å hava høve til å skilja millom ubundi og bundi form. Eit anna val her er å lata -a vera eineform, men opna upp att for -o i bundi form, slik Aasen hadde det i fyrsteutgåva av landsmålet og mest all vestnorsk (d.e. ikkje-jamvektsmål) upphavlegt hev. Sameleis meiner eg det lyt vera høve til å skriva daud -t òg i linne inkjekynsord, d.e. eit augaaugat. I mangtal er det no augoaugo, men der er eg open for å låna frå midlandsnormalen (ei vikuviko) og opna upp for mange augualle augo.
  14. 3. sg. hankyn obj. er honom; 3. sg. hokyn obj. er henne; 3. pl. obj. er deim: GM tykkjest opna for å skilja akk og dat av han («dativ honom») og bibelumsetjingi frå 1938 hev helst «dei» i staden for «deim». Eg tykkjer det er best berre å skilja millom subjekt og objekt, soleis han – honom, ho – henne, dei – deim, som i framlegget. GM hev valfridom millom ho og henne, men eg tykkjer det lyt vera gjerande å samla seg um henne. Alternativet er ei triklovi nom-akk-dat-bøygjing (han–han–honom, ho–hana–henne, dei–dei–deim), men det veit eg ikkje um hev so mykje fyre seg.
  15. Sterke gjerningsord vantar ending i pres. (†-er < gn. -r): tyder eg framlegget rett, er éin † lik «skal førast upp». Sjølv er eg glad i desse formene og tykkjer dei er meir samlande en dei endingslause, men dei endingslause er nær einerådande i notidsmålet og lyt i minsto standa fyrst. Det bỳr do vera rom til å velja å skriva med -er-formene utan å verta retta på av andre målfolk.
  16. Aasen førde upp i fjor(d) med og utan daud d. Seinare er d-formi teki ut or normi (jf. GM), men eg tykkjer ho skal få koma inn att. Sjølv segjer eg helst i fjoL og tykkjer at denne d-lause formi er minst like ulogisk som t.d. leiar eller sia.
  17. haldt (halda): GM hev halt, statsnynorsk og Aasen haldt. Framlegget gjer rett i å hava med d-en.
  18. vegg(jer) osb.: GM hev -er (ikkje -jer) – legg framlegget seg her på Aasen-lina i staden? J-laus uttala finst i m.a. Trøndelag, veit eg, so eg ottast at -j- vert framandt, men hev elles ikkje sjølv noko imot å hava -j- etter -g- og -k-. Eg ynskjer meg dessutan at ordet veg òg vert ført upp her (GM: vegar el. veger).
  19. Mrk. 2: Valfridom for hyl (pl. hyler ~ hyljar), eller berre -er? Ser ikkje kva for skade det skulde føra med seg.
  20. Nemneformer skal ha jo og ju og ikkje y, d.e. skjota, bjoda, fljuga osb. Sers samd. Eg tykkjer òg ljona, som fekk sideform lyna i 1910, skal få vera eineform.
  21. Nemneform hev jamt langformer (taka, beda osb.): samd, men eg meiner det skal vera lov å nytta stuttformer i munnlegt mål (jf. dansk gi’ til give). Av fljuga er ikkje flju nøytande, so ho fær vel vera fly. Døme: «eg ska kje fly – det tòrer eg ikkje!», skreik ho og sprang til skogs.

Motsegn (diskusjon) 10. september 2019 kl. 03:11 (UTC)

1. Det er logisk å bruka inga jamsides ingi dersom ein opnar for lita, koma osb. Merk at det kann heita saka er komi. Spursmålet er um ein skal fastsetja bøygjingi av lagord på -en soleis: -en -i -e -ne (men evt. opna for supinum -e ~ -i, jf. svensk).
2. Formene sét, sédd er mykje bruka. Det kann godt henda at sett vik for desse.
4. Det beste hadde vore å fylgja svensk her, men so var det vanen. Tanken bakum dømi du nemner, er at ein ikkje skal skapa homonym i stavnaden der uttala er ulik. Skal me hava fylgjerett stavnad her, må me gjera det same for lagordi (-t n. t.d. tjukkt, -ne pl. t.d. sprokkne).
7. Indrebø hev eller og heller.
8. Pret. og sup. -era er sers lite bruka i målføri. Mest sannsynleg endar eg på pres. -erar, men pret. -erte (Indrebø hev pret. era).
11. Ja, soleides
15. Former som pres. teker plar ein ikkje føra upp i sjølve ordlista, men heller nemna dei i grammatikkdelen. Endingi er og hev vore sers lite bruka.
16. Me plar skriva i fjord.
17. Millom imp. haldt og halt hev det vore vakling. Det gjev ikkje heilt meining å skriva halt når ein fyrst skriv pret. galdt, nei. Truleg hev ein tenkt på formene gakk og statt, men dei er ikkje heilt parallelle.
18. Dette er Aasen-lina (eg er uviss kvar Indrebø stend). J-innskotet merkjer obligatorisk palatal uttala. I målføri skipar dette mynsteret seg soleis: 1. saker : bekker, 2. sakjer : bekkjer eller 3. saker : bekkjer. Pl. -er til veg er ei nylaging (rett nog gamal). Same gjeld dal.
20. ljona er berre ei ny a-verb-utviding til ljon n. Frå gamalt gjeng verbet etter døma-klassa, soleis: lyna : lyner : lynte : lynt, jf. drjug adj., men drygja v.
21. I dømet tyder vel fly 'røma' og ikkje 'letta frå bakken'. Bøygjingi er då fly : flyr : flydde : flytt.--SAM (diskusjon) 10. september 2019 kl. 08:27 (UTC)
Til punkt 5 ovan hev eg skift syn etter di fleire ord er komne til. Attåt dei no fem ordi kann det vera at òg planet kann hava slik bøygjing (langt ifrå alle desse ordi er lån frå italienske ord på -o, so det eg skreiv um det kann ein sjå burt ifrå). I gamle bøker finst formene planetor og planetorna, men ikkje saman med planet etter det eg ser (i staden: ei planeta). Kor som er er talet vorte fem eller seks, som vel er mange nog. Ser fyre meg noko slikt:
avisa (-a, -or) el. avis (-a, -or el. -i, -er ?)
der analysen er at avisa (med linn bøygjing) er eit regelbunde hokynsord med ei stuttform avis, som anten fylgjer den gamle bøygjingi eller ei nylaga, regelbundi bøygjing. Etter gamle reglar i statsnormi hadde -heit-ord jamt -a (ikkje -i), men det hev ikkje studnad i målføri. Slike lyt i staden få vanleg sterk bøygjing (-heiti, -heiter) um ein no fyrst absolutt skal nytta deim (GM hev i røyndi eitt: øverheit).
Punkt 10: det er vel greidt med både hadde og havde. Detta ordet er no so uregelbunde frå fyrr at det ikkje er til skade å føra upp båe tvo.
Punkt 20: det eg skreiv um ljona var eit aldri so lite bomskot. Sjølvsagt er det ljos – lysa, ljon – lyna. Tanken var nog å ikkje opna for unaudsynte -y-former og so gjekk det heilt gale med tankerekkja.
Punkt 21: dømet fann eg på sjølv og fly skulde tyda «letta». Eg hev sidan tenkt litt meir på saki og kom til sist fram til at ein vel helst skal nytta langformene (fljuga, gjeva, taka), men at det kann opnast for stuttform i infinitiv (og berre infinitiv) i serskilde (uformelle) høve. Eg tenkjer fyrst og fremst på munnlegt mål i forteljingar osb. («du fær kje ta’ alle sjølv, då!», ropa ho etter honom) og elles i snøggskrive mål (SMS, Skype/Discord).
Dessutan nokre fåe nye saker:
  • justitiarius, radius, auksjonarius, genius og nuntius (og andre?) misser vel -us i bøygde former (radien, radiar), jf. eigi bøygjing til inkjekynsordi på -us? Det galdt i minsto i statsnormi fram til 2012-brigdet.
  • Stundom hev eg sét græsk og (indo)europæisk med æ skrive i høgnorsk tekst. Skal desse helst vera skrivne med e dei au, jf. siste bolken um framandord?
  • Berre for å vera fylgjerett: †spỳr attåt spør, †bỳr attåt bør (jf. smyrja – smỳr osb., GM).
  • « og stå hev eigne uppføringar attåt ganga og standa». Slik skulde òg statsnormi ha havt det, men kva bøygjing skal dei hava? GM skil ganga – gjeng – gjenge frå gå – går – gått, men gjev stå både stend og står i notid (og både stade og stått). Sjølv trur eg det er best um òg standa – stend – stade er heilt skilt frå stå – står – stått i ordlista, men at ein ser litt stort på det um nokon blandar.
  • «Undantak for lånord (frå tysk). T.d. Han tala gebrokkent.» Heilt samd, -en i gebrokken og open er ulike ovringar.
Motsegn (diskusjon) 2. mai 2020 kl. 03:03 (UTC)

J etter K og G i a-mål?

Korleis vert sambandi -ki og -gi (som i boki og helgi) med a-mål? No er det vel ikkje a-mål detta framlegget mìdar på, men um ein skulde velja å nytta det, lyt det vera boka eller bokja? Sjølv tykkjer eg bokja gjev mest meining, serlegt i høve med andre ka-samband (t.d. kaka og bakkar) som ikkje fær linn k. --Eiliv (diskusjon) 13. november 2020 kl. 14:52 (UTC)

For seg gjev det mest meining, jf. uttala avbekk(j)e- og drake- (< bekkja og draka-) i sms. Ikkje alle uttalar -ki palatalt i den stoda (etter gamalt). Sjølv meiner eg at palatal uttala lyt vera valfritt. Skriv ein -kja for -ka, vert palatal uttalta påbodi. --SAM (diskusjon) 13. november 2020 kl. 19:47 (UTC)