Diskusjon:Dataordlista

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Kva kjem "reidar" av? I landsmålsordboki finn eg detta:

"reida, v.a. (er, de), 1) løfte, hæve, holde færdig. Han reidde Neven aat meg: han truede mig med Næven, svingede med Haanden som for at slaae. Nordre Berg. G.N. reida: svinge, hæve. (Jf. rida). – 2) fremføre i Kløv eller paa Hesteryggen, transportere Byrder med Hest. Dei hadde reidt heim ei Klyv med Mjølk. B. Stift. (Egentl. lade ride, af rida, reid). – 3) skaffe, udrede, betale. Reida Skattarne. Reida fyre seg. Hedder oftere greida. – 4) udstyre, forsyne, sætte i Stand. Reida ut: udstyre. Reida av: affærdige; ogsaa skrubbe, give en Irettesættelse. Han reidde deim av, so det var fælt. Nordre Berg. Jf. Avreidsla. – 5) rede, tillave, tilberede. Reida Skinn: berede Skind (ved Vridning). Reida upp: rede en Seng. (Jf. breida, gjera upp). Reida Mat: lave Mad; koge til et Maaltid. Hedder ogsaa blot reida (reia), f. Ex. “ganga heim aa reia”, Mandal, Rbg. – 6) v.n. drive af for Vinden; om Baad eller Fartøi. Nordl. (reia av). Hører formodentlig hertil; jf. G.N. reida: drive, omtumles. Reida, f. 1) Udredsel, Afgift. Tel. og flere. (Reie). G.N. reida. (I “Skipreida” ogs. om et Norsk Ordbog udredende Samfund el. Distrikt). – 2) Beredskab, færdig Stand. Det stend til Reida (te Reie): det staar færdigt, er til Tjeneste. G.N. til reidu. Reidar, m. en Reder; Skibsreder, m. m. Hava ein rik Reidar: være udstyret af en rig Mand."


Eg tykkjer "brigdar", elder "ritar", kunne høvt mykje betre:

"brigda, v.a. (er, e), 1) forandre, gjøre en Forandring med. Hard. og fl. I Nhl. brygda. Ogsaa v.n. forandre sig; f. Ex. om Veiret. (Bøiningen vaklende; tildeels: ar). Hedder ellers bregda (Sæt.) og bragda (Sogn). – 2) vende, bøie om, vride tilbage (= bretta). Sdm. (tildeels brygde). – 3) forvride, vrænge et Ledemod. Nfj. Sdm. Nogle Steder: brigste. Desuden forekommer “brigde” ogsaa i Betydning dræbe, slagte (Tel. Hall.), dog sjelden og som forældet. S. ellers bregda og braa. – Til brigda hører vel ogsaa en anden Form: bri (-r, dde), v.a. lempe, lave. “E veit ikkje kor e skal bri dæ”. Sdm. brigdast, v.n. forandre sig, omskifte. brigdast i Hugen: faae et andet Sind, et nyt Mod. Sdm. – brigdast um: skjøtte om; s. brygdast. Brigde, n. 1) Forandring, Omskiftelse. Hard. og fl. G.N. brigdi. – 2) Maneer, Skik; særegen Brug i et Land eller Distrikt. Tel. og fl. Jf. Maalbrigde. – 3) Forvridning i et Ledemod. Sdm. Nogle St. kaldet Brigst. brigdeleg, adj. foranderlig, ustadig. G.N. brigdilegr."

og

"rita (ii), v.n. (ar), ridse, gjøre Streger eller Striber; tegne med Kridt osv. Nordl. Hall. Solør. Skulde egentlig have stærk Bøining (rit, reit, ritet), ligesom G.N. ríta (etc. skrive), Ang. vrítan, Eng. write. Jf. Reit, reita og det følg. rita. rita (i’), v.a. og n. (ar), 1) ridse, tegne, gjøre Tegninger. Tel. (Sv. rita). Mere alm. rissa, som støtter sig til D. ridse, T. ritzen. (Jf. Rit, n.). – 2) skrive, gjøre Forsøg i Skrivning; gjøre Streger; skrive daarligt. Rita ut Papiret. Nordre Berg. og flere. G.N. rita (ar): skrive. – 3) i Forbindelsen: rita upp, etc. opregne, anføre i en Rad eller Række. Sdm. “Han rita upp so maange, at dæ va ingjen Ende paa”. Jf. Reit (Rad)."

Snart kjem eg til å brigda med desse og andre gode, alternative former, so fær de skriva i ordskiftet um de ikkje er samde. Tarjeif 12. mai 2009 kl. 11:00

Nei, å reide til ei tekst femner myki meir en berre å anten brigde eller rita teksti. Å reide teksti tyder å setja 'na i stand slik ein vil ha 'na, nett som å reide sengi tyder å setja 'na i stand slik ein vil ha 'na (sjå tyding 5 ovan). Brigde eller rita kann berre peike på delar av heile reidsla. TH 12. mai 2009 kl. 22:40 (CEST)

So det å reida, er liktsom å førebua, elder gjera ferdug. Då tykkjer eg framleis det høver mykje betre med brigda, sidan det å reida er meir innspissat. Det ljomar som um ein berre skal gjera ferdug nokot, som um berre etterstrevet er att, men det er jo ikkje naudsynlegt slik. Tarjeif 2. juni 2009 kl. 14:06

reidar svarar best til editor tykkjer eg. At ein set noko i stand eller bøter på noko, treng ikkje å vera endeleg. å brigda svarar helst til change. --SAM 3. juni 2009 kl. 17:54 (CEST)

Hm, greidt, eg bøyger meg fyre fleirtalet. Tarjeif 3. juni 2009 kl. 21:55

"Digital skilting"

  1. digital signage digital skilting

Eg har aldri høyrt uttrykket "digital skilting". Kva er det? Er de sikre på at ikkje "digital signage" eigentleg er ei feilskreve form av "digital signature" eller "digital signing", so me kan oversetja med "digitalt bumerke"? Dobbeltast 25. november 2009 kl. 09:45 (CET)

Digital signage dreg seg um bruket av digitale skjermar til å syne fram vitringar og reklame, i staden for å nytte tradisjonelle skilt eller plakatar. Søk på veven, so finn du lett meir um dette. TH 25. november 2009 kl. 13:52 (CET)

Norsk og islandsk likskap + noko anna

Det vilde gjevi større likskap millom norsk og islendsk um computer heitte *tolva i staden. Islendsk hev tölva som er bygt upp av tal og völva (norsk volva). Eg tykkjer dei vestnordelendske måli kann vera meir like fyr eit sterkare samband. Og noko anna: Nyttar ingi desse netstadene lenger? Siste verksemd her er frå 2013 og det var berre nokre småe brigde. Dataordlista vart sist brigda i 2009. Det hev kome mange ord sidan då. Eiliv (talk) 06:46, 26 April 2017 (CEST)

Me brukar netstaden, men kann henda ikkje so ofte som me burde. Me er dessutan på leit etter ein stad med meir bandbreidd. Bandbreiddi hev vore sprengt. Difor netstaden hev vore nede. Det heiter elles telda på færøysk --SAM (talk) 19:08, 4 July 2017 (CEST)

Umsetjingar av vanlege umgrìp

Eg held på med å setja um ein verkel frå engelsk til høgnorsk og stend fast på nokre umgrìp. Eller rettare: eg hev umsett nokre slik eg sjølv tykte det høvde, men desse er vanlege umgrìp og ein lyt vel hava faste umsetjingar for deim?:

  1. Quit/Exit og Close. Close stengjer det som er ope, medan Quit/Exit stengjer heile brukendet. Er stogga for quit/exit og steng for close greide umsetjingar?
  2. File. Heiter det fil òg på høgnorsk? Ordet ser i det heile merkelegt ut i bundi form – «fili» finn eg to stader i samband med ordet «høgnorsk» (eg leita etter "fili" høgnorsk på Google), og eit av fundi er noko eg sjølv skreiv (eit tridje fund fann eg dessutan på Facebook). Kann ein t.d. skriva teig? Eller nytta same uppnorskingi som for «dokument», (eit?) skiln?
  3. Folder/directory. Eg slit med å skyna skilnaden òg på engelsk, men på norskdansk og statsnynorsk heiter det mest mappe for båe (katalog hev eg òg sét). Kva med å taka -i (-e) frå norrønt (tyding: -ar) og laga eit nyord, (ein) falde = «noko som faldar (seg umkring innhaldet)»?
  4. Save. Med norskdansk Windows og Mac heiter det å lagre og å arkivere, men eg tykkjer å spara (som i svensk) er betre.
  5. Error. Til no hev eg skrivi mistak eller skrivi um med gale/-i. «There was an error» = «Noko gjekk gali», «This error cannot be fixed» = «Mistaket kann ikkje rettast», «Unexpected error» = «Uventa mistak» osb. Verre vert det når òg fault kjem inn. Og failure. Etter det eg les, er failure hendingi (at noko gjeng gali), error er sjølve mistaket og fault er det som ligg bakom error-en (årsaki/upphavet). Til dømes er a * b i staden for a + b ein fault, medan «skrivefeil» er error. Trur eg. For failure tenkte eg anten å gjeva (eit) uhende nytt liv eller laga eit nytt ord, t.d. mishende/mishending (gal ting hende / det gjekk ikkje slik ein trudde). For error tenkte eg mistak, men for fault veit eg ikkje. I islandske umsetjingar heiter det villa for eitt av ordi, kann ein låna dette? I Grunnmanuskriptet stend (ei) ville uppførd som ei røre/ugreide/floke.
  6. Buffer. Dømet eg hev fyre meg er «open file buffers» (open er lagord). Minneteig?
  7. Copy. Statsnynorsk kopiera (segnord) og kopi(ar)/eksemplar (namnord). Hjå islendingane heiter det afrita (av-rita), afritt (av-rìt, jf. upprìt) og eintak. Noko å taka etter?
  8. Backup. På statsnynorsk tryggleikskopi – ofseleg langt, tykkjer eg. Finst det noko betre av norskt målto? Vara?
  9. Preview. Segnordet heiter vis fyreåt, ser eg, men kva med namnordet? «Fyrehandsvising» læt sers ille i øyro mine, fyreåtvising berre noko betre. Glytt (gløtt), skimt, glimt? Jf. få ein glytt av soli, få ein glytt av korleîs det vil sjå ut.
  10. Bug og debug(ging). Eg hev sét lus og avluse/avlus(n)ing i norskdansk. Sjølv tykkjer eg um lus og lyska/lysking. «Eg hev lyska verkendet heile dagen, men fær det enno ikkje til å verka».
  11. Wildcard. Heiter visst jokertegn på norskdansk. Sjølv hev eg kalla det varateikn.
  12. Hash. Kann henda avtrykk/far? Ein kryptografisk hash er berre eit far etter noko, ein kann ikkje få att kjelda frå faret. Segnordet veit eg ikkje med.
  13. Digest. Endå eit ord ifrå kryptografien. Kva med hakkemat? Ordet er gjerne nytta når ein skal signera noko. For at ikkje signaturen skal verta like lang som kjelda, tek ein anten ein hash eller noko anna frå kjelda og krypterar det i staden.
  14. Node (i eit net). Eg hev sét nav (t.d. på Wikipedia på norskdansk) og tykkjer det er ei god umsetjing.
  15. Undo og redo. Her hev eg aldri nytta anna enn «angra» og «gjer um (att)», og det er vel greidt(?)
  16. Cancel(led). Avbrjota/avbroti?
  17. Enable og disable. Slå av/på?
  18. Activate og deactivate. Som yver?
  19. Access (segnordet). Namnordet er vel tilgjenge, men kva segjer ein for t.d. «Could not access the database»? «Kunde ikkje ganga til/åt samnet?» (samn er vel inkjekyn(?))
  20. Convert og conversion. Til no hev eg skrivi gjera um og umgjering, men då er det sers lett å blanda med «redo» (sjå yver): «Gjer um att umgjeringi» (nei, nei, nei). Kann henda er laga um (med namnord umlaging) betre?
  21. Search, find og seek. Det vert vel leita, finna og søkja?
  22. Occurence. Fyrekomst er dansking, men fund kann ein jo nytta?
  23. Exception. Undantak?
  24. Update/upgrade og downgrade. Auka (n. auke) og minka (n. minking)? «Det finst ein auke for wget: utg. 1.19.5 (du hev 1.19.4)»? «Vil du auka wget til utgåva 1.19.5 no?», «Er du viss um at du vil minka wget til fyrre utgåva?», «denne auken gjorde alt seinare og verkar meir som ei minking»?
  25. Compress og decompress. Kva med falda og falda ut? «Ho kunde ikkje falda ut skilni, av di han gløymde å gjeva ’ne lykelen/nykelen han læste ZIP-en med då han falda deim»? «Ovstore [filer(?)] må du falda innan du lader deim upp for å spara bandbreidd»?
  26. Sample og sampling. Heiter «punktprøve/-ing» på norskdansk. Tydingi gjev seg sjølv ut ifrå ordet, men til attergjeld er ordet lengre en det må vera. Ei sjon er «(ein) ørliten mole, eitkvart som ein snaudt kann sjå», som vel høver godt med kva ein «sample» er. Til dette kann ein jo laga segnordet sjona for «(to) sample» og sjoning for «sampling»?
  27. Data. Taka etter islendsken (gögn) atter ein gong og nytta gogn?
  28. Code og decode. Vida ut tydingi av tyda og innføra um-/inntyda / tyda um/inn og tyda osb.? «VLC kann ikkje tyda AVC3-snìdet», «The attachment was incorrectly decoded» = «Vedlegget vart mistydd», «the data will be (en)coded in a special format» = «[data]en vert umtydd til eit sersnìd», «we coded the metadata directly into the data stream» = «me fletta [metadata]en beint inn i straumen», «We are genetically coded to think» = «Me er inntydde til å tenkja»?
  • I tydingi «programmeringskode»: code finst helst i eintal, men på norsk kann ein jo like greidt velja eit mangtalsord (høver betre, tykkjer eg). Eg vil difor gjera framlegg um segner i denne tydingi, og segn som ei kodelina (dei er meir instruksar enn krypitiske «kodar»). «Eg skriv segner i Notepad++». «Noko er gali, lyskaren [the debugger] stansar heile tidi på denne segni her». «This code is broken» = «Desse segnene verkar ikkje». For «(Assembly) instruction» segjer ein «instruks(jon)» på norskdansk. Til det hev me jo fyresegn?

Motsegn (talk) 02:38, 18 November 2018 (CET)

Retta tvo ord. Verkel leidde meg til å nøyta verkende der det skulde ha’ vori brukende. Med di vil eg òg gjera framlegg um nøytende for «program» jamsides brukende (og nøytel attåt brukel og verkel).
Medan eg enno hev det framme i tankane: kva heiter pixel? T.d. (skjerm)mole? Motsegn (talk) 03:13, 18 November 2018 (CET)
Backup er anten tryggingsavrit eller trygdeavrit (fær. trygdaravrit) på statsnynorsk. Detta fann eg ut i ein netpost frå Språkrådet.
«Eg er heilt samd i di vurdering. Det er eit logisk og fint ord, og om det ikkje er i bruk, er det iallfall eit godt potensielt ord for kopi i tradisjonalistisk nynorsk.
Backup-kopi bør i så fall kallast tryggingsavrit. Nedst i e-posten har eg limt inn eit utkast til ein artikkel til nettsidene våre som m.a. tek opp tilhøvet mellom trygging og tryggleik.
https://www.sprakradet.no/svardatabase/sporsmal-og-svar/tema-tryggleik-/ »
Um avrit:
https://www.nb.no/items/5521a18b9cd92d19290e793659d476f7?page=219&searchText=%22bilete%20avteikning%22
--Eiliv (talk) 23:58, 19 November 2018 (CET)
Falde vil vel vera fyr både dei verkelege og dei på telja? Eg likar ordet og at du hev laga eit nyord med ovgamle -e. --Eiliv (talk) 19:34, 25 November 2018 (CET)
save Ja, eg tykkjer spara er betre enn gøyma. Activate. Ja, som enable. Stundom kann ein bruka kopla inn. Occurence stundom tilslag, serleg um søk, men um t.d. mistak heller tilfelle. Exception "Undantak?" Ja. "Update/upgrade og downgrade. Auka (n. auke) og minka (n. minking)?" auka er ikkje so dumt. Ein kunde òg bruka etterførsla f. buffer i svensk kann det heita köminne. Kva med t.d. venteminne eller millomminne? Kvi nett teig? Det fær meg meir til å tenkja på eit umråde/adressa i minnet? error mistak eller veila. copy avrit n., avrita v. Preview kannhenda glytt i tyd. prerelease. Wildcard ja, kvifor ikkje varateikn. Eller teiknhaldar (el. jokerteikn). --SAM (talk) 21:47, 10 December 2018 (CET)
Samd i at teig vel meir må tyda minneumråde. Venteminne og millomminne likar eg, dei syner betre kva det er for noko. Ei etterførsla læt òg sers godt. Motsegn (talk) 18:05, 6 February 2019 (CET)

Nytt framlegg frå meg: vitne for cookie (ovtunge informasjonskapsel på norskdansk). Eit vitne er noko(n) som veit (jf. òg vitnestein), og er det nett noko desse tekststykki gjer, so er det å vita alt um oss. Vitne syner òg at upplysingane ikkje ligg hjå netsida sjølv (d.e. ein bed ikkje netstaden um å hugsa noko som helst, ein segjer det til vitnet, som ein so hev med seg næste gongen ein vitjar sida). Å hi sida ligg no vitnet der og kann gjeva politiet (eller andre) upplysingar jamvel um ein sjølv ikkje ynskjer det – um ein då ikkje «drap»/sletta vitnet innan framandfolk byrja å rota ikring på telja. Motsegn (talk) 18:05, 6 February 2019 (CET)

Framlegg: Røktar for moderator

Ein moderator er ikkje naudsynleg ein som styrer, men er sett til å moderera, d.e. halda noko i tyglane, eller røkta (eit ordskifte). Stjore er vel uppatteke og stend korkje i Grunnmanuskriptet eller i Norsk Ordbog, men av andre ord med same rot hev me stjornar (jf. ei stjorn). Eit ord i denne tydingi høver vel best til administrator? --Eiliv (diskusjon) 19. juni 2020 kl. 00:00 (UTC)