Ivar Aasen-sambandet.

framsida | stjorn | kontakt | medverskap | høgnorsk | peikarar | bokstova

Byt til tekst

Einskap i rettskriving

Gustav Indrebø

I. VALFRITT ELLER OBLIGATORISK

I rettskrivingi for norsken er det mykje ustøde. Det ser me kvar dag. Noko kann dette koma av at nynorsken er eit heller ungt skriftmål. Men når ustøda er større i dag enn for ein 12-15 år sidan, so kjem det fyrst og fremst av rettskrivingsresolusjonen frå 1917. Det er alle samde um. Dei fekk ikkje berre ei ny, litevetta umbøtt, officiell rettskriving då (den «obligatoriske rettskrivingi»), men òg ei mengd med «valfrie» former. Når dei set desse «valfrie» formene i hop på ulike måtar, kann dei få ein heil her med «rettskrivingar». Og det høvet som soleis hev bode seg til at kvar kann få seg si private rettskriving, hev vorte nytta i største mun. I ser dei yngre skriv no fælt ujamt.

Fyrstundes var det mange som såg eit stort framstig i at der vart løyst på dei strenge bandi, so at kvar mann kunde få skriva på sin måte, og ikkje turvte retta seg etter nokon fast norm. Det er kanskje ikkje so fåe som tykkjer dette er ein fyremun enno.

Og fridomen hev sine fyremuner; det skal ingen neitta.

Like vel er det nok fleire no som tek til å verta leide av all valfridomen og vinglingi. Dei lengtar etter ein fast regel att, som kann ha autoritet. Dei tykkjer helst det vert brysamt med dei mange formene å velja millom, med dei ulike skriftbilæte som skifter frå bokmann til bokmann, frå blad til blad, og med rettskrivingar som ymsar ifrå herad til herad, ja frå skulekrins til skulekrins. Kann henda tykkjer dei òg at det er harmelegt å høyra på det stendige motlegget ifrå motmennene, at «landsmålet har ingen rettskrivning», so at det er ubrukande i det praktiske livet av den grunn.

Me hev no halde på so lenge og røynt oss fram, at det visseleg kann vera på tide at me stoggar og spør oss sjølve um denne valfridomen i dei siste 10 åri hev gagna oss eller skadt oss; og det kann vera rett at me tenkjer yver kva veg me heretter helst bør gå. Bør me halda på med dei valfrie formene og dei mange slag rettskrivingar framleides? Eller bør me samla oss att um ein fastare skrivemåte?

Der kann vera grunnar som talar både for det eine og det andre, som nemnt. Etter mi meining vilde det tvillaust vera ei vinning um me kunde få avskipa nokre av dei valfrie formene og koma yver til fastare skrivereglar att.

Rettskrivingsresolusjonen frå 1917 bygde på ein stor tanke. Det var at dei valfrie formene – både i nynorsk og i norskdansk – skulde vera ei bru millom dei tvo måli. Dei skulde gjera vegen lettare yver frå dansk til norsk for deim som ikkje var god til å stiga heilt yver med ein gong. Bokmålsfolket skulde samla seg um dei valfrie norskdanske formene, og derifrå skulde dei marsera i flokk radt yver til norsken med tidi. So var tanken.

Men hev dette gjenge soleis?

Nei.

Det byrja nok med at ein nokso stor hop, ja ein retteleg stor flokk av dei norskdanske bygdene gjekk yver til dei valfrie bokmålsformene. Men byane gjekk ikkje yver. Administrasjonen, som hadde gjort upptaket til den nye rettskrivingi, Stortinget som hadde godkjent henne, sjølve rettskrivingshovdingane for bokmålet, som hadde tenkt henne ut, gjekk ikkje yver. Dei vart alle som ein ståande i det danskaste bokmålet som er lovlegt. Departementet, Stortinget, rettskrivingshovdingane, laga isaman ei byrd for borni i Noreg, men sjølve rørde dei henne ikkje med ein finger.

Kva hev fylgja vorte? Jau, i fleire år no hev dei bygdene som hadde teke dei valfrie bokmåls-formene, vore på mars i flokk, ikkje yver til norsken, men attende til dansken. Det var ikkje so greidt for deim når dei vart ståande soleis åleine, og alle sveik deim som skulde ha hjelpt deim. Og attende gjekk dei, eller held på og gjeng.

Men dette vil atter segja, at fyresetnadene frå 1917 hev broste. Dei som laga ny rettskriving for bokmålet, og heile flokken deira, alle hev dei brote fyresetnadene. Dei peika på ein veg for andre og skipa til ei barne-krossferd av skuleborn; men dei gjekk ikkje vegen sjølve og vilde ikkje vera førarar på nokor ferd. Og so hev dei «valfrie» formene i bokmålet ikkje vorte nokor bru yver til norsken, soleis som dei skulde. Tvertimot, dei fleste som dagleg skriv bokmål, konsoliderar seg so meir og meir ikring det danskaste, obligatoriske bokmålet. Det som var tanken i 1917, vil dei ikkje vera ved. –

Då lyt målfolket spyrja seg: Er det nokon grunn for oss til å halda på våre «valfrie» former?

Eg kann ikkje tru at der er nokon grunn til det. Det upphavlege fyremålet – å vera bru – tener ikkje dei heller, når dei menn som stend i brodden på hi sida ikkje syner vilje i den leid. Og i seg sjølve gjev dei ikkje målreisingi nokor styrkjing so at det kunde gjeva deim tilværerett. Tvertimot.

Dei avlar kjekl millom målfolki. Dei dreg tanken burt ifrå hovudsaki og lærer folk upp til å festa seg ved alt slag pirk. I røyndi er dei ikkje til nokon nytte. Både born og vaksne lid under det at ordbilæti aldri fær festa seg

.

Og so er det den store fåren med denne lausskapen i målet, at han kann koma til å hemna seg verre sidan. Det er det ålvorlegaste. For dei «valfrie» formene hev no vorte eit våpn i hendene på dei kloke millom bokmålsfolki – imot nynorsken. Umtenksame bokmålsfolk hev beint fram teke til å spekulera i dei valfrie formene åt nynorsken. Dei freistar med plan å nytta deim ut til å få smuldra nynorsken upp etterkvart i mange provinsmål; desse provinsmåli kann kvart for seg ikkje ha noko større slagkraft. Når so bokmålet på same tid samlar seg att og sterknar, so kann det hava ei større von. Soleis er den kjærlege tanken hjå desse kloke folki. Og kven veit, vert bokmålet sterkt nok, og nynorsken uppsmuldra og veik nok, kann mangt utenkt henda.

Det kunde t.d. gå soleis, at ein vakker dag fekk me eit maktbod um at frå no av skal det vera «samnorsk» her, i alt landet, det vil segja ein «samnorsk» som skulde vera bokmålet, kanskje med litt uppblanding – av nokre måteleg norske element i Oslo-målet.

Tankar i denne leid, meir eller mindre klåre og brutale, er slett ikkje framande for dei ettertenksame hjå bokmålsfolket.

Den dagen bokmålet, eller ein «samnorsk» bygd på bokmålet, fekk yverhand att, på denne eller andre måtar, vart det nok ikkje spursmål um provins-normalar lenger. Då fekk nok kvar vera so god og skriva det som fyresett var, endå um det låg mykje lenger burte ifrå målføret enn det nynorske riksmålet. Um dei «valfrie» formene på ei vis kann segjast å vera «demokratiske», so er det difor stor fåre for at dei med tidi kann verta retteleg udemokratiske! Vingling og valfridom på den norske sida kann umveges hjelpa eit dansk riksmål til å vinna.

Det er naudsynt at me hev augo uppe for denne fåren – og at me freistar å møta honom. Den måten me kann møta honom på, er etter mi meining at me samlar oss att, meir enn me hev gjort no på ei stund.

Kva skal me samlast um?

Eg trur at samlingi lyt verta ikring Ivar Aasen. Hans riksform hev til denne tid synt den største indre krafti, – utan samanlikning.

Det er ikkje tvil um at ho framleides er den som hev største einingsmakti i seg og som det er lettast for dei fleste å nærma seg til, kva kant dei so kjem frå.

Aasen-formi – no representera ved den officielle «obligatoriske» rettskrivingi femner utruleg vidt, mykje vidare enn nokon annan norm dei hev freista med.

Kann målfolket samlast att i fastare rekkjor um henne, vil det styrkja målreisingi mykje. Det skulde me visseleg røyna. Ei samla fylking er jamt sterkare enn ei som er sundkløyvd.

II. FÆRØYANE

På Færøyane strider dei med dei same mål-problem som me. Dei hev si målreising, liksom me, og skal reisa att Færøy-målet, som er ei grein av norsk. Der òg hev dei fenge røyna at vingl med rettskriving og strid um den er ein pestilens for framgangsrikt målreisingsarbeid. Dei fekk ei fast normalrettskriving i 1850-åri. Språkmannen V.U. Hammershaimb sette upp ein sams norm for Færøy-målet um lag på same tid som Ivar Aasen skapte ein landsnorm for dei norske målføre her heime. Fyrstundes hadde dei berre denne eine rettskrivingi, og målreisingi var komi godt på veg med henne. Men so i 1889 kom ein annan språkmann, Jakob Jakobsen, med ei ny rettskriving. Han tykte Hammershaimb var for gamaldags, og vilde at dei skulde skriva meir etter daglegtala. Der vart ein stor strid.

Alle som no talar um den færøyske målrørsla, er samde um at denne rettskrivingstrætta vart til eit stort hefte. Ho lamde heile rørsla, sette ilt blod, og drap Føringafelag, det laget som dei hadde skipa for færøysk målreising og nasjonalitetsreising.

No hev dei kome seg ut or denne ugreida att. Dei hev vendt attende til Hammershaimb. Dei hev vraka både nystavingi åt J. Jakobsen og eit millomframlegg millom Hammershaimb og Jakobsen, som ei rettskrivingsnemnd hadde freista arbeida ut.

Etter det hev målsaki havt framgang att på Færøyane. Einskapen hev gjort sterk. No nyst vedtok Lagtinget eit framlegg til Danmark um at færøysk skal vera hovudmålet i alle skular på Færøyane.

Utviklingi på Færøyane er lærerik for oss.

Lærerikt er det òg å sjå korleis dei hev løyst floken. Dei gjekk attende til det dei hadde byrja med. Dette endå det er sant som J. Jakobsen sagde, at rettskrivingi åt Hammershaimb er nokso gamaldags og lærd. Men ho var den fyrste. Ho hadde arbeidt seg upp ein autoritet og hadde sunge Færøy-målet inn att i hjarto fyrr noko anna hadde kome til. Og ho var logisk og klassisk og stortenkt. Difor vart det ho like vel som det fall lettast å samla seg um.

Det ligg ein sterk lærdom i dette, tykkjer eg, um at me bør vera vare med å sleppa Ivar Aasen her hjå oss. Han var òg den fyrste. Hans namn hev den største autoriteten, både millom målfolk og millom dei andre. I hans form vart norsk mål fyrst kjært att for nordmenn. Rettskrivingi hans er klassisk, – greidtenkt, fylgjerett og vyrdeleg. Ho hev i same eller i høgre mun alt det som hev gjeve Hammershaimb slik merkeleg samlingsmakt på Færøyane. Og ho hev attåt den store fyremunen at ho ikkje er so gamaldags og tung som Hammershaimb si rettskriving: Ho er tvertimot i mykje den mest tidhøvelege som er til i norderlendske mål, formlett og lett å læra.

Vrakar dei Ivar Aasen, so kastar dei burt ei større styrkjingsmakt for den norske målreisingi enn dei fleste veit um.

III. OR DANSK MÅLSOGA

Dansk hev òg vore eit vanvyrdt mål ein gong. Det hev lote strida for retten sin imot tysk. Då var dei nett i same beiti der som me er no, eller dei hadde i minsto mykje av same møda. Ortografien voks vilt. På Ludvig Holbergs tid var det ille. Holberg skreiv ei heil skrift um «den misorden» i rettskrivingi, «hvorover vi af fremmede saa ofte høre ilde». Det er forvitnelegt å lesa korleis denne den største reisaren av det danske målet dømer. Eg vil herma nokre ord:

«Grammatica eller orthographie er bleven et ubekiendt landskab udi det danske sprog.» «Enhver indtil skriverkarle har ligesom ved hævd forhværvet sig en fuldkommen myndighed at vende op og ned paa ordene, og at sætte bogstavene udi orden, ligesom de finde det for got. Ja den ringeste copiist hos os er derudi meer souverain end fordum keiser Tiberius.» –

«Hvad kand være hæsligere end at enhver skriver og bogstaverer lige som det falder ham ind?»

Holberg ynskte at nokon for ålvor vilde hjelpa til med å få fastare reglar:

«Om visse autoriserede mænd toge sig for at give orthographiske regler, vilde jeg være den første at rette mig derefter, endskiøndt jeg efter mit tyke, kunde give bedre raison til en og anden ting: Thi, ligesom det er bedre at leve under harde love end under anarchie, saa er det smukkere at alle skrive paa een maade, skiøndt mindre beqvemt end at enhver bokstaverer ligesom han faaer indfald til.»

«Grunden udi vort sprog,» legg Holberg til, «er saa god som udi noget andet europæisk sprog.» «Det fortiener all det arbeide man kand anvende derpaa.»

Hadde Holberg livt no, og i heimlandet sitt Noreg, ja so hadde han tala nett på same måten no òg. Ludvig Holberg var ein klok mann når det galdt mål og måldyrking. Han betra sjølv mykje på den danske rettskrivingi.

IV. NOKRE FORMER

Eg vil nemna nokre einskilde punkt der me etter mi meining no turvte koma burt ifrå sideformer og ustøde og attende att til ein fast skrivemåte. Det vert berre nokre få punkt; elles vilde det fylla for mykje teigane i eit blad.

I nokon mun kjem eg til å skriva med serleg tanke på måltilhøve på Nordvestlandet.

1. Upp, um – op, om. Dette er nokre av dei skrivemåtane som det hev vore mest vingl med. Me bør skriva upp, um. Det burde der ikkje vera noko tvilsmål um.

Upp, um er skrivemåten i gamalnorsk, likso vel som i islendsk og færøysk i dag; upp hev dei òg i svensk, og det var ein av dei skrivemåtane som heldt seg lengst her hjå oss i den tidi då dansk braut inn yver oss. Enno i jordebøker ei god stund etter reformasjonen skreiv dei jamleg Up(p)dal og dilikt; – namni og målet elles i desse bøkene hadde då vorte radt dansk i hovudsak. Kvifor skal me kasta den skrivemåten no når me skal til å taka upp att norsk mål? I norske målføre hev det halde seg rein u i upp og um ikkje so fåe stader radt til i dag. Og i dei fleste andre målføre høver skrivemåten med o slett ikkje med ljodverket elles. For Nordvestlandet t.d. er det ikkje det slag meir rett eller rimelegt å skriva op, om enn å skriva Londe, Sonde, hond, tonge når dei meiner Lunde, Sunde, hund, tunge. For dei segjer nett den same ljoden i alle desse ordi (i sume bygder segjer dei endå til hund og tunge med åo). Når dei skil på den måten at dei skriv hund, tunge med u, men op, om med o, er det ikkje norsk talemål dei fylgjer. Dei fylgjer ein skilnad som finst i dansk, og som kann ha grunnar fyre seg der (dei segjer «åpp» i dansk).

Men det var no ikkje tanken, at me skulde retta norsk etter dansk. Då kunde me greida oss vel med bokmålet.

Det er ikkje noko som er meir harmelegt å sjå enn at me ikkje kann få ein fast skrivemåte for slike småord som kjem so ovende ofte att. Det ser so evnelaust ut. I dette tilfellet skulde det vera so sjølvsagt kva me skal gjera. Då bør dei inkonsekvente skrivemåtane op, om kverva heilt so snart som råd er, og upp, um verta dei einaste formene alle stader. – Med upp, um bør fylgja skrivemåten burt.

2. Bera – bere. Millom infinitiv på a og infinitiv på e hev det òg vore mykje vingling. Eg trur skrivemåten med abera – er den som det er rettast å samla seg um. Det heiter bera, kasta i gamalnorsk, islendsk, færøysk, og svensk. Einast dansk hev «bære», «kaste». I norske bygdemål hev dei endingi a i alle gjerningsord i bygdene frå og med Indre Sogn til og med Manndalen, og dertil vida i Nord-Noreg. I Trøndelag òg hev gjerningsordi i regelen endingi a eller å, når dei i det heile hev nokor ending (oftast bera o.dl. der, men kast, utan nokor ending). På Austlandet hev nokre gjerningsord fast a, hine hev e (bera, men kaste).

Einast Nordvestlandet og austegdemåli, og det sudaustlengste Austfold, hev e i alle gjerningsordi. Men dei fleste av desse «e-måli» hev òg att merke etter a-en; soleis alle målføri frå Nordvestlandet. Dei segjer berast, kastast der, aldri «bæres», «kastes».

A-endingi hev soleis eit godt grunnlag i målføri òg. Ho hev grunnlag i gamall norsk, og ho hev fenge ein sterk tradisjon i den nynorske litteraturen. Difor er det rimelegast å halda på henne. Og det er urimelegt at Nordvestlandet og sume andre bryt ut med ei serform. Ivar Aasen var sjølv nordvestlending, og hadde lært å segja bere, kaste. Likevel valde han a- formi. Landsumsyni og historiske umsyn vog mest for honom, og han tykte at dei tala mest for a- formi.

3. Fleirtal visor – viser. Etter mitt skyn bør skrivemåten visor vera samlingsformi. Ho høver med gamalnorsk; der heitte det visor og visur, som kjem ut på eitt. Ho høver òg med islendsk og færøysk (visur) og med svensk (visor). Og i norske målføre hev endingi med o eller u og dil. halde seg godt gjenom heile midteigen av landet frå og med Indre Vestagder og Sætesdal til og med Helgeland, – altso um dei skal rekna det upp: i Indre Vestagder, Sætesdal m.m. av Austagder, Telemark, Hardanger, Numedal, Hallingdal med Krødsherad og Sigdal, Valdres, Gudbrandsdalen, dalane i Sør-Trøndelag, Nordmøre (hev viså, viso, visa i flt.), Romsdal (visu, viso, viså), det meste av Nord-Trøndelag (viså, visa), Helgeland (visår). Dessutan hev dei fleirtal visa, som kjem av viso, mange stader i Lofoten og nordanfor der. På Austlandet utanfor dalane hev dei halde på u eller o i sume ord, – t.d. vikur, hosor. Likeins i dei bygdene i Trøndelag som ikkje hev o el.dl. i alle ord.

Skrivemåten visor høver soleis med mange av dei norske målføre i notidi. Og denne formi gjev målet mykje meir klang. For Vestlandet kann dei segja at skrivemåten visor ikkje høver so godt; – der segjer dei vise i fleirtal, so nær som i Hardanger og nokre fåe andre bygder. Men eg trur dei bør skriva visor like vel. «Vise» i fleirtal fær dei ikkje ha so korso, m.a. for di det er utydelegt i skrift. Og då kann dei likso godt taka ei klangfull historisk form (visor) som dei tek viser; viser høyrest halvveges dansk ut, men er slett ikkje mindre tungt for ein vestlending enn visor. Det er ikkje o- en som er hard her for vestlendingane, det er r-en, og honom lyt dei ha med i alle høve.

Og so må me hugsa, at visor hev vore brukt av dei aller fleste som hev skrive på nynorsk, alt ifrå Aasens tid og til no. Det veg ikkje so lite.

4. Soli – sola. Skal me skriva soli eller sola? Ja, det er eit spursmål. Bøygjingi for dei sterke hokynsordi er eit av dei aller vandaste spursmåli i nynorsk. For der er so mange skiftande former i målføri: soli og sole, solæ, sola, solo og solå. Mange andre tilhøve òg spelar inn. Det er difor best at me talar roleg til kvarandre her, og ikkje ordskiftest med slengord, soleis som det altfor mykje hev vore gjort.

Formi «sola» hev størst folkestyrke bak seg. Det er eit argument som veg tungt for å skriva slik.

Like vel trur eg det vert rettast å skriva soli. Når ein veg alle umsyn som er å taka her, kann i minsto ikkje eg koma til noko anna.

I-formi hev ikkje noko ringt grunnlag i målet i dag, ho heller, når ein ser på målet i samanheng. Dersom me reknar e og æ med (sole, solæ), og det lyt ein gjera, so vert desse bygdene heilt ut i-bygder: det indre av Agder, Dalane i Rogaland, dalane på Austlandet frå og med Telemark til og med Gudbrandsdalen, Hardanger, Voss, Nordhordland og Indre Sogn, og Sør-Helgeland. I adjektivi og participi gjeng i-formi ein god mun vidare. Dei segjer «ei opi dør» mange stader som dei segjer «døra», og endå fleire stader segjer dei: «stova er nedrivi».

Ymse merke etter i-en hev dertil halde seg i namnordi vidt utyver i sjølve a-bygdene òg. Vida segjer dei i «i skålinn(e)» um dei so segjer «skåla». Og endå vidare hev dei ein kj- eller gj-ljod i ord som sakja, sagja til minne um at der hev vore i-ending fyrr.

Slik kj og gj hev dei i helvti av bygdene og meir. På slike stader kjennest det hardt å skriva saka, saga, for då fær dei ein rang k og g. Skriv dei derimot saki, sagi, kann dei lesa med den k og g som dei er vane med (og hine kann lesa med hard k og g, dei som det høver for).

Mange stader som dei segjer «sola», hev dertil dei linne hokynsordi fenge endingi å eller o: viså, viso. Der skil dei soleis framleides greidt millom sterke og linne hokynsord, plent som i dei reine soli-bygdene. Det er slik i Møre fylke og i storluten av Nordlands fylke. Det er brot på den nedervde målbygnaden i desse bygdene å slå båe slag ord saman under éi ending. Skriv dei derimot soli, visa, so fær dei halde det nedervde systemet i målbygnaden uppe.

Skal ein bruka a-formi i dei sterke hokynsordi i staden for i-formi, hev det dessutan so lett for å verta ugreide med rettskrivingi elles. Det vil gjerne føra med seg at dei skriv e i infinitiv, og so fær ein til slutt slike fæle, unorske former som bæres, kastes. Sume «sola»-menn skriv verkeleg alt sovore! Og det vil gjerne verta ustøde med skrivemåten i ord som open, brunnen i hokyn. Folk veit ikkje anten dei skal skriva «ei open, ei opa eller ei opi dør»; og so skriv den eine det og den andre hitt, i vilt rot, soleis som me ser dagleg. Korkje «open» eller «opa» er godt i skrift. Skriv dei soli, fylgjer det av seg sjølv at det òg skal vera opi, brunni.

Ein kann òg nemna at skrivemåten «sola» er eit brot på den greide regelen me elles hev for det nynorske skriftmålet, at alle ord med a-ending skal ha tvostavings tonelag. Tenk på ord som visa, hestar, ein fiskar, auga; dei hev tvostavings tonelag alle i hop. «Sola» skil seg ut. Skal me ha a-ending der, misser me den rettleiding um uttala og tonelaget som det ligg i å skriva «soli».

Og so vil eg nemna endå ein ting, som eg tykkjer hev ovende mykje å segja. Det er at me fær ikkje den fulle norske tonen i skriftmålet vårt utan endingsvokalen i òg kjem fram.

For det mest sermerkte ved norskt mål, i sume måtar viktugare enn både harde konsonantar og tviljod, det er at norsk mål hev halde uppe so mykje av dei gamle, fargerike endingane. Det hev halde uppe både a, o (eller u, å), og i. Og alle desse endingane må då finnast i skriftmålet òg. Det er den ulukka, at i-en finst ikkje på dei same stadene i bøygjingsverket i alle målføri. På Nordvestlandet t.d. finst han i slike fleirtalsformer som skålinne, veggjinne, i dativ eintal som «i skålinne» i bunde hankyn som «hestin». I Oslo bymål segjer dei: «hesten har biti», og hev i-en der. Andre stader finst han i andre endingar. Men sumstad i bøygjingsverket kjem han fram i so godt som alle målføre. Og då må han koma fram einkvan staden i skriftmålet òg. Elles gjev ikkje skriftmålet eit sannferdelegt og godt bilæte av klangen i norsk mål. I-endingi hev i røyndi fenge eit heller snaudt rom i normal-landsmålet, etter so populær som ho er i talemålet. Skal dei no strjuka henne ut der som ho finst, so tek dei ut ein tone som faktisk finst i so godt som alt norsk talemål. Det bør me ikkje gjera. Det er då ingi meining i å gjera skriftmålet vårt fatigare i klang enn norsk talemål i røyndi er.

At i-endingi høyrer til, ser det ut at sume av deim òg kjenner som skriv «sola». For dei hev teke til å skriva: «han har gripi» i staden for gripe. Dei set i-en inn att på ein annan stad. Men kva skal det vera til å gjera slike uturvande brigde? Kann me ikkje skriva i der som dei hev skrive han fyrr, og ikkje liggja og tukla soleis?

Når eg hev skrive so langt um «soli» og «sola», so er det for di dette spursmålet er mykje uppe, og mange stend uvisse. Eg vilde at denne gjenomgåingi skulde syna at det er eit ihopfløkt spursmål; det rører ved so mange ting i målbygnaden. Ein lyt vera varsam, og me kann ikkje avgjera det ut ifrå einsidelege umsyn, og ikkje tankelaust kasta det me hev.

Etter mitt skyn gjer me mest rett imot norsk mål, både imot målføri tekne under eitt og imot skriftmålet, med å halda på i-formi «soli». Det er, alt samanrekna, den beste formi. Um ho kom burt, vilde det verta eit stort tap for målet; det skulde koma til å sannast.

Denne formi hev òg tradisjonen i seg frå gamalnorsk (solin), ifrå folkevisone, og ifrå Aasen, Vinje, Garborg og Blix.

Altso: dette bør vera samlingsformer: upp, um; bera, kasta; visor, soli.

Og elles skriv me etter den obligatoriske normalen. Det er ikkje det grand for tidleg um det no kunde verta ende på lettlyndt fikling med norsk mål.

So fær heller kvar mann lesa som han tykkjer; det er det fyrebils ingen skade i.

V. NORSK RIKSMÅL

Me må hugsa, når me balar med målet vårt, at det nynorske skriftmålet, norsk riksmål, det krev respekt. Ikkje hev kven som helst lov til å fikla og tukla med det nett som han tykkjer! Bokmålet hev dei vyrdnad for. Der er nokon kvar rædd for å skriva slikt som støyter eller ikkje er rett. Kvifor skal det norske målet vera meir uheilagt?

Me må òg hugsa, at til nasjonalmålet skal kvar landslut gjeva tilskot og styrke. Dei skal koma kvar med sine ord og vendingar og tankar, og auka rikdomen med det. Men for nasjonalmålet lyt òg kvar landslut ofra. Dei lyt ofra av sine serformer, og bøygja seg for samlande riksmynster, og for tradisjonen. Og dei lyt vera viljuge til å læra av kvarandre. Ikkje pukka kvar på sin bygdenorsk, men tøygja seg alle saman etter å få den beste riksnorsk. Elles når ikkje målreisingi fram. Og me må læra å sjå ut ifrå rein norsk synsstad. Døma ord og former ut ifrå norske måltilhøve, utan sideumsyn til framandt mål og framand tradisjon her i landet. Ein tykkjest ikkje sjeldan merka at folk liksom reknar det for eit objektivt framstig når dei kann koma næmare godkjend dansk med ord og former. Agen hjå mindremannen for ein gamall yvermann sit djupt og lenge. Men det me lyt sjå etter, er kva som høver med norsk målbruk og tradisjon. Det lyt vera rettesnor. Det er grunntanken i målreisingi. Og den kann me ikkje vika ifrå.

1929, Flora (serprent)

.